NRK Meny
Normal

Optimisme om Libanon-resolusjon

Det er i ettermiddag optimisme når det gjeld sjansane til å få til ein resolusjon om Libanon-krigen i Tryggingsrådet i FN.

Fuad Siniora er statsminister i Libanon
Foto: Haitham Mussawi / Scanpix/AFP

Etter samtalar med den amerikanske Midtausten-utsendingen David Welch sa Siniora at det er framgang i forhandlingane i New York, og at det er store sjansar for at ein resolusjon kan bli vedteken før helga.

Samstundes har både Storbritannia og Frankrike sendt sine utanriksministrar til FN-hovudkvarteret i New York for å delta i forhandlingane.

Det går framover med å få til ein resolusjon om Libanon-krigen i Tryggingsrådet, seier Libanons statsmminister Fuad Siniora i ettermiddag.

USAs FN-ambassadør John Bolton seier i ettermiddag norsk tid at partane no er svært nær ein FN-resolusjon om ei våpenkvile i Libanon.  Også fleire libanesiske politikarar uttrykkjer optimisme om sjansane til å få til ein samrøystes resolusjon.

Storbritannias utanriksminster Margaret Beckett
Foto: Jaques Collet / Scanpix/AFP

 Storbritannias utanriksminister Margaret Beckett og hennar franske kollega Philippe Douste-Blazy har reist til New York  for å sikre at det blir vedteken ein resolusjon som kan få slutt på krigshandlingane mellom Israel og Hizbollah-geriljaen i Libanon.

Douste-Blazy sa i går kveld at det kunne ventast ein resolusjon nesten når som helst, men meldingar frå FN-.hovudkvarteret i natt tydde på at han nok hadde uttalt seg litt for optimistisk.

Også USAs utanriksminister Condoleezza Rice er til stades i Tryggingsrådet, og ho uttrykkjer i ettermiddag håp om at det kan stemmast over ein resolusjon i løpet av dagen. New York-tid ligg seks timar etter norsk tid.

Libanons utanriksminister Fawsi Salloukh sa tidlegare i dag at det fransk-amerikanske forslaget til resolusjon ikkje er bra nok, fordi det ikkje krev ei umiddelbar våpenkvile.

Det forslaget som USA og Frankrike hadde blitt samde om, foreslår ei gradvis israelsk tilbaketrekking frå Sør-Libanon, og at dei israelske soldatane skal erstattast av soldatar frå den libanesiske hæren.

Israel godtek ikkje ei umiddelbar våpenkvile, fordi landet meiner at dette vil gi Hizbollah-geriljaen sjansen til å omgruppere seg og til å få nye forsyningar av våpen.

Det israelske tryggingskabinettet gav tidlegare denne veka grønt lys for ei kraftig opptrapping  av bakkeoperasjonane inne i Libanon. Offensiven er enno ikkje sett i verk, truleg fordi israelske styresmakter ventar på kva som kjem ut av forhandlingane i Tryggingsrådet.

 

 

 

 

 

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt