Hopp til innhold

Opptøyar braut ut etter at gresk pensjonist skaut seg sjølv i protest

Etter at ein pensjonist som sleit økonomisk, skaut og tok livet av seg sjølv i Athen, braut det ut opprør i den greske byen. Demonstrantar kasta bensinbomber, og politiet svarte med tåregass.

hellas1

BENSINBOMBE: Ein demonstrant kastar bensinbombe mot politiet i Hellas onsdag kveld

Foto: AP

Hendinga rørte ved ei nerve i det greske samfunnet som er tynga av ei enorm økonomisk krise.

BAKGRUNN: Blakk pensjonist skaut seg sjølv i protest i Hellas

Grekarar samla seg rundt åstaden der pensjonisten skaut seg sjølv i protest

FØR OPPTØYANE: Grekarar samla seg rundt åstaden der pensjonisten skaut seg sjølv i protest onsdag.

Foto: YORGOS KARAHALIS / Reuters

Få timar etter at den 77 år gamle pensjonerte farmasøyten tok livet sitt midt på opa gate i Athen i dag tidleg, var åstaden fylt av lys, blomster og handskrive lappar som fordømte den økonomiske krisa i landet.

LES: Tvinges til å bo på gutterommet halve livet

Heldt ikkje ut

– Eg har gjeld og eg held det ikkje ut lenger, skal han ha ropt, før han sette ein pistol mot tinningen og trekte av.

LES: Grekere jobber mest i Europa

Ein forbipasserande skal ha høyrt mannen seie at han ikkje vil føre gjelda si vidare til borna sine.

Så starta opprøret

Etter at fleire hadde samla seg rundt eit improvisert alter med stearinlys og blomster byrja det å bryte ut opprør i gatene.

(Saka held fram under biletet)

hellas2

STORE STYRKAR: Massive politistyrkar tok til gatene i Athen for å stoppe opptøyane onsdag kveld.

Foto: AFP

Då det blei mørkt samla ei folkemengde på over tusen menneske seg rundt åstaden for sjølvmordet.

Dei marsjerte inn mot Syntagma-torget og ropte at det ikkje var eit sjølvmord – men eit mord gjort av staten.

Kasta bensinbomber

Politiet avfyrte tåregass på ei gruppe med demonstrantar som kasta bensinbomber. Demonstrantane skal også ha kasta stein mot eit luksushotell.

Starten på den arabiske våren

hellas3

TÅREGASS: Politiet brukte tåregass mot demonstrantane i gatene.

Foto: AFP

Sjølvmordaksjonar har vore katalysatorar for fleire opptøyar gjennom tidene.

Ein grønsaksselgar frå Tunisia starta den såkalla arabiske våren med å sette fyr på seg sjølv i desember 2010.

LES: Kostbar arabisk vår

LES: Ungdom i Europa frykter fremtiden

Same dag som sjølvmordet og opptøyane i Hellas skaut ein mann seg sjølv i Italia fordi selskapet hans gjekk konkurs. Dette etter ei bølgje av økonomirelaterte sjølvmord i landet som ein opposisjonspolitikar skulda på reformene til statsminister Mario Monti.

Høge sjølvmordstal

Hellas er inn i den verste økonomiske situasjonen etter andre verdskrig, og er inne i sitt femte år med økonomisk resesjon.

LES: Private avgjør ny gresk lånepakke

LES: Ryddesjau i Atens gater

Nye tal viser at talet på sjølvmord i Hellas auka med heile 18 prosent i 2010, parallelt med ei stigande arbeidsløyse, høgare skattar og mindre lønningar.

Sjølvmordsraten i Hellas låg før finanskrisen på 2.9 av 100 000, og steig i fjor til det dobbelte.

Talet på sjølvmord steig i fjor med 25 prosent i Athen åleine, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

SISTE NYTT

Siste nytt