NRK Meny
Normal

Opprørsgruppe gir opp kampen i Syria

Leiaren for ei syrisk opprørsgruppe og fleire deserterte soldatar seier dei gir opp kampen mot president Bashar al-Assad og går tilbake til regjeringshæren.

Kaptein Khaled Abdel Rahman al-Zamal saman med soldatane sine.

Kaptein Khaled Abdel Rahman al-Zamel saman med soldatane som no har gitt opp opprøret i Syria.

Foto: - / Afp

– Vi har avgjort at vi går tilbake til hæren, og til å samarbeide med forsoningsdepartementet, sa kaptein Khaled Abdel Rahman al-Zamel på ein konferanse i Damaskus av opposisjonsgrupper som Assad-regimet tolererer.

– Løysinga i Syria ligg ikkje i våpenbruk, vald, eksplosjonar eller drap på uskuldige. Vi er syrarar alle saman, la han til.

Hoppa av frå hæren

Kapteinen hadde følgje av ti andre tidlegare opprørarar. Dei hoppa av frå den syriske regjeringshæren tidlegare i år og slutta seg til opprørarane.

Zamel vart godt motteken på konferansen. Ein AFP-journalist som var til stades på konferansen, sa at utspelet frå Zamel kom heilt overraskande på deltakarane.

Det er likevel uklart kor viktig Zamel er blant opprørarane, og kor mange han har hatt under sin kommando. Det kan heller ikkje utelukkast at det er snakk om eit propagandautspel frå det syriske regimet.

Røyksøyle i Damaskus, Syria

Angrepet tidleg onsdag ramma kommandosenteret til den syriske hæren i Damaskus.

Foto: Reuters

Dette skjedde på nok ein svært blodig dag i Syria. Minst ein sjølvmordsbombar deltok i eit større angrep mot kommandosenteret til den syriske hæren i sentrum av hovudstaden Damaskus i dag.

Fleire tok på seg skulda

Det er strengt vakthald rundt bygningen, men minst ei bombe gjekk av inne i bygningen. I kveld kunngjorde ei islamistisk gruppe at dei står bak angrepet, og at ein sjølvmordsbombar var blant angriparane. Ytterlegare fire angriparar skal ha blitt drepne i angrepet.

Gruppa kallar seg Tajamo Ansar al-Islam og dei har publisert kunngjeringa si på Internett. Men også opprørarane i Den frie syriske hær (FSA) har teke på seg ansvaret for angrepet.

Seinare sa ein FSA-talsmann at Tajamo Ansar al-Islam samarbeidde med minst tre andre grupper om angrepet. FSA seier at fleire titals menneske vart drepne, men det statlege syriske fjernsynet melder at fire tryggingsvakter vart drepne og at 14 sivile og soldatar var såra.

LES OGSÅ: Morsi avviser utanlandsk invervensjon i Syria

LES OGSÅ: – Arabarstatane må gripe inn

– 30.000 drepne i Syria

Syriske soldatar framfor hærens kommandosenter i Damaskus.

Syriske soldatar framfor kommandosenteret som vart utsett for eit dobbelt angrep onsdag morgon.

Foto: LOUAI BESHARA / Afp

I dag opplyste også ei syrisk menneskerettsgruppe at over 30.000 menneske er drepne sidan opprøret i Syria starta for eit og eit halvt år sidan. Dei fleste er sivile, blir det hevda.

Presidenten i Syrias Røde Halvmåne sa i går at tala frå dei syriske opprørsgruppene må takast med ei klype salt. I eit intervju med NTB sa Abdul Rahman at det reelle talet ligg på om lag halvparten.

Han understreka likevel at situasjonen i Syria er kritisk, og at lidingane til dei sivile er verre enn nokon gong.

I løpet av dagen i dag skal 217 menneske ha mist livet som følgje av konflikten i Syria.

LES OGSÅ: Norge gir 50 millioner til Syria

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt