Hopp til innhold

Nekta å ta alkotest - gikk amok i fengsel

Fengselsvaktene flykta frå eit opprør i fengselet, som skal ha starta fordi dei innsette nekta å ta ein promilletest.

Video Fengselsinnsatte gjorde opprør inn i det nye året

Fengselsinnsette brukte starten av det nye året til å gjere opprør.

Brann i fengselet

Ein innsett ser på fengselet som står i full fyr.

Foto: Chris Ison / Ap
Opprørspoliti på veg for å rydde opp

140 opprørspoliti på veg for å rydde opp.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

Dei innsette i Ford Open Prison i Sussex sette fyr på sine eigne celler, øydela møblar og knuste vindauge då opprøret starta like etter midnatt natt til første nyttårsdag.

Fengselsvaktene var nøydde å forlate fengselet då opprøret starta. Opprørspoliti med fullt utstyr vart henta inn for å ta hand om dei innsette.

To vakter - 200 innsette

Ifølgje The Telegraph kan det ha vore så få som to fengelsvakter og fire andre tilsette på jobb i går kveld. I fengselet er det 200 innsette.

Ifølgje Mark Freeman, representant for fengselsvaktene, vart det funne store mengder alkohol inne på fengselsområdet. Han seier også at opprøret starta då nokre innsette nekta å bli tekne promilletest av.

Den store mengda med alkohol som blir smugla inn i fengselet var rapportert allereie i 2008, og ifølgje Freeman var det berre spørsmål om tid før noko slikt ville skje.

– Fengselsvaktene har jaga dei innsette i eit par dagar, som i ein «Benny Hill»-sketsj, for å få dei til å ta promilletestar, seier Freeman til The Telegraph.

Fleire brannar

Rundt midnatt starta 40 av dei innsette å knuse vindauge og løyse ut brannalarmar. Det vart berre verre, og då det starta å brenne fleire stader, bestemte fengselsvaktene seg for å flykte.

Både politi og brannvesen vart kalt inn, men bråket heldt fram. Minst to andre bygningar inne på området begynte å brenne. Taket på bygningane bula ut på grunn av flammane.

Tidleg i dag kom fengselsvakter med opprørsutrusting og vakthundar for å prøve å roe ned opprøret.

Brann i fengselet

Innsette i fengselet spaserar utanfor brennande bygningar.

Foto: PAUL HACKETT / Reuters

140 ekstra vakter

I ettermiddag er større styrkar på plass for å få kontroll.

– Vi kan stadfeste at 140 ekstra vakter har kome til Ford for å hjelpe dei lokale vaktene med å få kontroll i fengselet, seier ein talsmann ved fengselet til The Telegraph.

Han understrekar at dette ikkje betyr at situasjonen er på veg til å bli meir dramatisk, men at dette er stadard prosedyre.

– Ein av dei to bygningane var under kontroll klokka 10.40 (britisk tid) og det er ingenting som tydar på at bråket skal ta seg opp i den andre, seier han.

Brannvesenet har sløkt brannane og reist frå området.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.