Tikhanovskaja er opposisjonsleiaren i Belarus, og sterkt kritisk til det sitjande regimet.
– Eg er glad for å sjå desse menneska frie og gjenforeina med sine kjære. Men mange er framleis på listene til humanitære organisasjonar, skriv ho i eit utsegn på X.
– Allereie har minst seks døydd i fangenskap. Dei må bli slopne fri utan vilkår. Frigjeringa, som hastar, er ikkje ei politisk, men ei humanitær sak, skriv Tikhanovskaja vidare.
Tikhanovskaja seier ikkje kven eller kor mange det gjeld, men krev at styresmaktene slepper fri fleire.
Beskjeden kjem ein dag etter at president Alexander Lukasjenko sa han vil gi amnesti til nokre politiske fangar med alvorlege helseproblem.
Lukasjenko har slått hardt ned på motstandarar, kritikarar og journalistar i løpet av dei 30 åra han har vore president.
Opposisjonsveteran skal vere blant dei lauslatne
Den belarusiske opposisjonsveteranen Ryhor Kastusiou er blant dei som onsdag er lauslatne frå fengselet, melder menneskerettsorganisasjonen Charter '97.
67-åringen stilte som presidentkandidat i 2010 for Belarusisk populær front (BNF), eitt av dei eldste partia i landet. BNF blei oppløyst av den belarusiske høgsteretten i august i fjor.
Han blei arrestert i 2021 og det same året dømd av Belarusiske styresmakter for planlegging av statskupp. Straffen var ti år i straffekoloni.
Kastusiou fekk så ein kreftdiagnose, melder blant andre FN sin høgkommisær for menneskerettar.
FN-kontoret kravde at han blei lauslaten i eit utsegn i februar.
– Ekstremt sjuke folk
Menneskerettsgruppa Vjasna reknar at Belarus har fleire enn 1400 politiske fangar i dag.
Blant dei er gruppa sin grunnleggar, Aljes Bjaljatski, og Tikhanovskaja sin mann, Sergej Tikhanovskij.
Det er ikkje kjent at nokre av dei er blant fangane som tysdag skal vere frigjorde.
Det har heller ikkje kome noko offisielt utsegn om saka frå Lukasjenko sitt kontor. Men måndag varsla presidenten at det kunne kome til å skje.
– Ikkje bli overraska dersom ekstremt sjuke folk, slik massemedium skildrar dei, blir slopne fri frå fengsela i løpet av dei neste dagane, sa Lukasjenko tysdag ifølge det statlege nyheitsbyrået BeITA.
– Dette er verkeleg folk med alvorlege sjukdommar. For det meste med kreft. Vi behandlar alle på ein menneskeleg måte.
Skjer dagen etter FN-krav
FN sin høgkommisær for menneskerettar bad også på tysdag om at Belarus sleppte fri «alle eldre personar som er fengsla på politisk grunnlag».
FN har fått ei liste på 63 personar som er eldre enn 60 år, som er fengsla for «verkeleg eller mistenkt opposisjon», heiter det i utsegna.
– Fleire av fangane lid med sjukdommar som er kroniske, akutte eller alvorlege, og nokre er personar med funksjonsnedsettingar. Det blir meldt at tre over 60 er haldne i isolasjon.
Nokre av desse eldre personane er merkte av belarusiske styresmakter som ekstremistar eller terroristar, skriv høgkommissæren vidare.
– Desse listene er verdskjente for å inkludere medlemmer av den politiske opposisjonen og menneskerettsforkjemparar.
20. juni innførte belarusiske styresmakter ei lovendring som føreslo at fangar i pensjonsalder skulle få amnesti.
Amnestiet gjaldt ikkje dei som er dømde for følgande brot:
- Alvorleg forstyrring av offentleg orden
- Handlingar med målet å svekke den nasjonale tryggleiken
- Forming eller deltaking i ei ekstremistisk forsamling
- Injuriar mot presidenten
- Svekking av ryktet til Belarus som nasjon