Hopp til innhold

Opposisjonsmarsj i Polen: – Eg er her for å kjempe for kvinnerettar

Det er to veker til valet i Polen, og tusenvis har samla seg i Warszawa for å marsjere til støtte for opposisjonen.

– Eg er her for å kjempe for kvinnerettar i Polen. Eg synest det er veldig viktig. Eg bryr meg om framtida mi.

Det seier Maja Twarog, som er ein av mange tusen som har møtt opp på Slottsplassen i Warszawa søndag.

Med polske flagg som kappe, EU-flagg i handa og raude hjarte på brystet viser folk si støtte til Donald Tusk, partileiar for det liberal-konservative partiet Borgarplattforma (PO).

– Store endringar er i vente. Dette er eit teikn på at Polen blir fødd på ny, seier opposisjonsleiaren til ei jublande folkemengde.

Donald Tusk står på ei scene framfor ei jublande folkemengde. Mange polske- og EU-flagg.

Donald Tusk og Borgarplattforma vil vere ei motvekt til «galskap og ekstremisme».

Foto: WOJTEK RADWANSKI / AFP

Førre gong Donald Tusk inviterte til protest gjekk over ein halv million ut i gatene - for å «slåst for demokratiet».

Denne gongen kallar han det ein «marsj med ein million hjarte»:

– Alle som ønsker eit betre Polen, vil dukke opp. Nokon vil seie at det er eit slagord, men alle som har Polen i hjartet, bør vise at dei trur og har styrken, sa Tusk i eit TV-intervju, ifølge The Guardian.

Kvinnerettar, LGBTQ og EU

Fleire NRK snakka med på Slottsplassen drog fram kvinnerettar, EU og retten til abort som grunnar til at dei hadde møtt opp.

– Vi vil at kvinner skal ha retten til å bestemme sjølv om dei vil ha ein baby. Rettsvesenet fungerer ikkje som det skal, heller, seier Urszula Sapiezyńska, medan ho vaiar med eit EU-flagg.

To glade damer med knall oransje parykk veiver EU-flagg og Polens flagg bak ei vegsperring. Bak dei står enda fleire folk med flagg.

Folk møtte opp med både EU-flagg, det ukrainske og det polske flagget i hovudstaden søndag formiddag.

Foto: KACPER PEMPEL / Reuters
Bak ei sperring står det menneske og lener seg på sperringa. To har det polske flagget på seg som ei kappe. Over det er det sett opp ein regnboge.

President Andrzej Duda har fleire gonger uttalt seg hatefullt mot LHBTQ-personar.

Foto: Czarek Sokolowski / AP
Ein mann smiler og held eit hjarte i hendene, med mange signaturer på.

«Przemyśl for Tusk» står det på hjartet, signert av tilhengarar av den tidlegare statsministeren. Przemyśl er ein by søraust i Polen.

Ein mann held eit EU-flagg i handa, og trer noko på flagget, for å feste det.

Ein mann gjer klart eit EU-flagg i forkant av støttemarkeringa til opposisjonen.

Foto: KACPER PEMPEL / Reuters

Andre, særleg unge, hadde møtt opp på grunn av LHBTQ-rettar, og brukte regnbogeflagget som kappe.

I 2022 blei Polen, for fjerde år på rad, kåra til det verste europeiske landet å bu i for LHBTQ-personar. Det melder organisasjonen ILGA, som arbeider med å kartlegge og betre situasjonen til LHBTQ i Europa.

Polen regnes som det verste landet i EU for LHBT-personer. President Duda kaller homofili en ideologi. Programleder er Gry Blekastad Almås.

Polen reknast som det verste landet i EU for LHBT-personar. President Duda kallar homofili for ein ideologi. Programleiar er Gry Blekastad Almås.

Det vakte stor oppsikt då polske byar innførte «homofrie soner» i 2019, som på det meste dekte ein tredel av Polen. Men etter press frå EU, valde dei fleste regionane å fjerne merkelappen.

President Duda og regjeringspartiet Lov og orden (PiS) har ikkje gjort noko for å beskytte LHBTQ-personar, og har ved fleire anledningar kome med hatefulle ytringar.

I 2020 sa Duda at «LHBTQ-ideologien er meir destruktiv enn kommunisme», og i forkant av presidentvalet i 2020 sa han at han vil jobbe for å «beskytte barn frå LHBT-personar», ifølge The Guardian.

Nærbilde av Duda.

Andrzej Duda er medlem av partiet Lov og rettferd, og har vore president i Polen sidan 2015. Partiet er kjent for å vere EU-skeptisk, antirussisk og nasjonalistisk.

Foto: PETER CZIBORRA / Reuters

Tusk har derimot lova å betre forholda.

Han vil gjere det enklare for transpersonar å identifisere seg sjølv, i tillegg til å anerkjenne likekjønna partnarskap, ifølge Pink News.

Udemokratisk retning

Lov og rettferd er blitt kritisert for å ha styrt Polen i ei udemokratisk retning.

Tidlegare i år kom Duda med eit lovforslag der han ønskte å gjere det lovleg å stenge alle som kan ha handla «under russisk innblanding» ute frå offentlege tenester.

Dette hausta kritikk frå mellom anna menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch og EU.

Dei argumenterte for at lovendringa kan misbrukast til å stenge kritikarar ute frå statsapparatet, og viste til at regjeringspartiet, Lov og rettferd, tidlegare har skulda Tusk for å ha gjort lukrative gassavtalar med Russland frå 2014 til 2019, då han var president for Det europeiske råd.

Les også Polens president: Vår stans i våpenstøtte til Ukraina blei mistolka

Zelensky og Morawiecki går ved sidan av kvarandre. Ein uniformert soldat går bak dei. Dei er alvorlege.