Hopp til innhold

Opposisjonsfigur drepen i Syria

I Syria vart den framtredande, kurdiske opposisjons­figuren Meshaal Tamo (53) skoten og drepen av væpna menn i sin eigen heim i byen Qamishli fredag.

LEBANON/ Protesters chant against Syrian regime

Syriske regimekritikarar ropar slagord mot regimet til Bashar al-Assad i Libanon.

Foto: STR / Reuters

Det opplyser Det syriske observatoriet for menneskerettar til nyheitsbyrået AFP.

Tamo var ein krass kritikar av regimet til Bashar al-Assad. Han hadde nyleg fått fridomen tilbake etter tre og et halvt år i fengsel, og var medlem i det nydanna Syriske Nasjonale Rådet (SNC) til opposisjonen i Syria.

Tusenvis tok til gatene

Sonen til Tamo og ein annan aktivist frå det Kurdiske Framtidspartiet vart skadde i åtaket, som det framleis er uvisst kven som står bak.

Tusenvis av kurdarar tok til gatene i Qamishli då dei fekk høyra at Tamo var drepen. Dei sørgjande samla seg utanfor sjukehuset dit liket vart frakta.

Det statlege nyheitsbyrået SANA melde om drapet på Tamo, men gav ei anna skildring av ugjerninga. Ifølgje SANA vart den sentrale opposisjonsfiguren drepen av «væpna menn i ein svart bil som skaut mot bilen hans».

USA: – Taktisk skifte

Styresmaktene i USA reagerer på det dei meiner er eit taktisk skifte frå regimet i Syria.

– Syria eskalerer kampane mot opposisjonen ved å angripa leiarane deira. Dette er ei klar opptratpping og endring av taktikk, seier talskvinne for det amerikanske utanriksdepartementet, Victoria Nuland til AFP.

Ifølgje Nuland har fleire opposisjonsleiarar vorte arresterte og angiveleg torturerte på gatene i Syria midt på lyse dagen sidan opprøret mot makthavarane starta i mars i år.

Fleire tusen drepne

Det oppstod massive protestar mot regimet fleire stader i landet etter fredagsbøna i dag. Minst ti menneske er drepne i protestane.

Ifølgje FN har uroa i Syria så langt kosta over 2.900 menneskeliv.

SISTE NYTT

Siste nytt