Opposisjonen gjorde det i kveld også klart at dei ikkje ville delta i forhandldingane om ei ny regjering før president Emile Lahoud har akseptert krava deira.
Blant krava er også at Libanons riksadvokat og seks høgtståande tryggingssjefar går av straks, for å sikre ei uavhengig gransking av drapet på tidlegare statsminister Rafiq Hariri.
Hariri vart drepen i ein sjølvmordsaksjon i sentrum av hovudstaden Beirut 14. februar. 18 andre vart også drepne i attentatet, og dei materielle øydeleggingane var enorme.
Opposisjonsleiaren Walid Junblatt er optimist, men åtvarar også mot farene ved det som skjer i Libanon. (Foto: AP/Scanpix)
Ein av leiarane for opposisjonen, drusarleiaren Walid Jumblatt, seier i eit intervju med NRK at han trur den fredelege revolusjonen som no går føre seg i Libanon vil lukkast.
Han seier likevel at situasjonen ikkje er ufarleg, fordi ein ikkje kan vite korleis dei syriske soldatane i landet vil reagere på det som skjer.
- Eg er likevel optimist. Eg har håp for Libanons ungdom og for framtida, seier han til NRK.
Måndag gjekk statsminister Omar Karami og den pro-syriske regjeringa hans av, etter to veker med demonstrasjonar mot styresmaktene.
I dag deltok også den sjiamuslimske Hizbollah-geriljaen i samtalar med drusiske opposisjonspolitikarar. Målet var å få Hizbollah til å støtte kravet om at dei syriske styrkane må ut av Libanon.
Hizbollah har hatt støtte både frå den libanesiske regjeringa, Syria og Iran. Geriljaen opererer i grensestroka mot Israel, og rettar stadig angrep mot israelske mål.