Opposisjonen krev nyval i Etiopia

Opposisjonsleiaren i Etiopia avviser valresultatet og krev at valet blir halde på nytt.

Opposisjonen i Etiopia krev nyval

Opposisjonen er ikkje nøgd med korleis valet vart gjennomført.

Foto: AARON MAASHO / Afp

Verken valet eller valprosessen var rettferdig, hevdar Hailu Shawl, som leiar opposisjonspartiet AEUP.

Den noverande statsministeren Meles Zenawi og partiet hans vann valet .

Påstand om valfusk

Partileiinga seier observatørar frå partiet vart slegne og jaga vekk frå vallokala på valdagen. Ein av toppleiarane i AEUP, Merara Gudina, sa han hadde høyrt om at valurner vart opna og at dei var stappfulle allereie før ein einaste veljar slapp inn i lokala.

Valkommisjonen i landet seier dei ikkje har sett bevis på at det har skjedd valfusk.

– Utfallet klart før valet

Professor i menneskerettar ved Universitetet i Oslo, og seniorpartnar i International Law and Policy Institute meiner det var klart lenge før valet at Zenawi ville vinne.

– Alle veit at dagens statsminister Meles Zenawi og hans parti Det etiopiske folks revolusjonære demokratisk front (EPRDF) kjem til å vinne nasjonalvalet, sa han før valet.

SISTE NYTT

Siste nytt