Det var klokka 17.30 norsk tid i ettermiddag at leiaren for valkommisjonen, Sergej Kivalov,la fram det endelege resultatet av presidentvalet sist søndag.
Viktor Janukovitsj er utropt til vinnar av presidentvalet i Ukraina. (Foto: Reuters/Scanpix)
Statsminister Viktor Janukovitsj har fått 49,46 prosent av røystene, og utfordraren Viktor Jusjtsjenko har fått 46,61 prosent.
Krisa held fram
Dermed held den politiske krisa i Ukraina fram med full styrke. Straks resultatet vart ofentleggjort på ukrainsk fjernsyn byrja tilhengjarar av opposisjonen å marsjere mot bygningen i Kiev der den sentrale valkommisjonen held til.
Opposisjonskandidaten Viktor Jusjtsjenko oppmoda i kveld til full generalstreik i Ukraina i protest mot det han kallar eit statskupp gjennomført av den sitjande presidenten Leonid Kutsjma og statsminister Viktor Janukovitsj.
Opposisjonen truar med å blokkere vegar, flyplassar og jernbanen om ikkje styresmaktene vedgår valfusk. Dei krev også at grunnlovsdomstolen behandlar det som har skjedd rundt presidentvalet.
Demonstrantane held stand i Kievs gater seint i kveld, men det er ikkje meldt om samanstøytar med opprørspolitiet, som held seg i baakgrunnen. Spørsmålet er kva som skjer dersom opposisjonen gjer alvor av å blokkere flyplassar og andre viktige trafikk-knutepunkt.
Borgarkrig
Avtroppande president Leonid Kutsjma sa tidlegare i kveld at han frykta at opposisjonen var i ferd med å gjennomføre eit statskupp. Han gav uttrykk for at det no er ein reell fare for borgarkrig i landet.
Den nyutnemnde presidenten sa på si side at han ynskjer samtalar med opposisjonen, men dette har opposisjonen tidlegare avvist.
Leiaren for den ukrainske valkommisjonen, Sergej Kivalov. (Foto: AFP/Scanpix)
Jusjtsjenko skuldar regjeringa for å planleggje å bruke makt mot dei fleire hundre tusen demonstrantane som fyller gatene i Kiev og andre ukrainske byar. Han oppmodar politi og soldatar til å gå over på opposisjonen si side, og å nekte å bruke vald mot sine landsmenn.
Forhandlingar
Den sitjande presidenten, Leonid Kutsjma, tok i dag til orde for forhandlingar med opposisjonen. Jusjtsjenko avviste utspelet frå Kutsjma.
Polens president Aleksander Kwasniewski seier at han er blitt beden om å kome til Ukraina for å mekle mellom dei to presidentkandidatane. Han seier at både Leonid Kutsjma og Viktor Jusjtsjenko har bede han om å prøve å løyse striden.
- Eg har ikkje avgjort om eg vil reise. Eg reiser ikkje til Kiev utan at begge partar har vist at dei er interesserte i ein dialog, seier han til nyheitsbyrået Reuters.
Ei arbeidsgruppe av polske diplomatar reiser alt i dag til Kiev for å snakke med partane, opplyser den polske presidenten.
Colin Powell
USAs avtroppande utanriksminister sa i ei fråsegn i kveld at USA ikkje aksepterer det offisielle valresultatet i Ukraina. Han bad styresmaktene høyre på opposijonen, og sa at elles ville det gå ut over forholdet mellom Ukraina og USA.
- Det er enno ikkje for seint å finne ei løysing som respekterer viljen til det ukrainske folket, seier Powell i kveld norsk tid.
Det skal i kveld ha vore kontakt mellom Colin Powell og Leonid Kutsjma, men det er uklart om det har kome noko ut av samtalane. Kutsjma åtvara i kveld andre land om å blande seg inn i det som no skjer i Ukraina.