NRK Meny
Normal

– Opp mot 1000 døde etter massivt jordskjelv i Tyrkia

Så mange som 1000 menneske kan ha mista livet etter at eit kraftig jordskjelv råka austlege delar av Tyrkia søndag.

Jordskjelv i Van, Tyrkia

Innbyggjarane i Van ser med fortviling øydeleggingane etter jordskjelvet søndag.

Foto: ABDURRAHMAN ANTAKYALI / Afp

  • Saka vert oppdatert.

Skjelvet hadde ein styrke på 7.3 og råka austlege delar av Tyrkia klokka 12.41 norsk tid.

Opp mot 1000 menneske har truleg omkome i skjelvet, opplyser det tyrkiske instituttet Kandili, som forskar på jordskjelv.

– Me anslår at 500 til 1000 menneske er døde som følgje av skjelvet, seier direktøren for det seismologiske instituttet, professor Mustafa Erdik på ein pressekonferanse.

Jordskjelv i Van, Tyrkia.

– Det er så mange døde

Episenteret til skjelvet var 19 kilometer nordaust for byen Van i provinsen med same namn. Byen har om lag 380.000 innbyggjarar.

Det braut ut full panikk i gatene då rystingane oppstod. Visestatsminister Besir Atalay seier at rundt ti bygningar har kollapsa i byen Van, og at rundt 25– 30 bygg skal ha rasa saman i det nærliggjande Ercis-distriktet.

Redningsarbeidarar jobbar no på høggir for å få ut menneske som dei trur er sperra inne i ruinane av ein sju etasjar høg bygning i Van, som ligg i nærleiken av grensa til Iran.

– Mange høge bygg, hus og hotell har kollapsa, og me kan høyra stemmer frå dei øydelagde bygningane, fortel Veysel Keser, ein av innbyggjarane i Van til nyheitsbyrået AFP.

Hittil er tre stadfesta døde, 80 såra og mange er sakna, ifølgje den tyrkiske nettavisa Haber Monitor.

Borgarmeisteren i byen Ercis skildrar situasjonen som svært alvorleg.

Jordskjelv i Van, Tyrkia

Innbygjararar i landsbyen Tabanli nær Van hjelper til med søket etter overlevande i jordskjelv-ruinane.

Foto: Abdurrahman Antakyali / Ap

– Det er så mange døde. Fleire bygg har kollapsa. Øydelggingane er så altfor store, seier Zulfikar Arapoglu til den tyrkiske fjernsynskanalen NTV.

– Me treng hjelp med det same. Me treng legepersonell, legg han til.

Ercis skal vere blant de verst råka, og den statlege TV-kanalen TRT seier minst 30 personar skal vere døde her, og 150 skal vere skadd.

Fleire etterskjelv

Også naboprovinsane kunne merkja skjelvet. Det har også kome fleire etterskjelv, melder nyheitsbyrået Anatolia.

Eitt av etterskjelva hadde ein styrke på heile 5.6. Statsministeren i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan, seier at mange menneske er døde.

Tyrkia er eit jordskjelv-utsett land fordi det ligg i krysninga av fleire jorskorpeplater. I 1999 omkom meir enn 20.000 menneske i to jordskjelv nordvest i Tyrkia.

I mai i år døydde to personar og 79 vart såra då eit skjelv rysta Simav, nordvest i Tyrkia.

Video Jordskjelv i Aust-Tyrkia

Det braut ut panikk etter skjelvet i byen Van, aust i Tyrkia søndag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt