Avgjerda vart teke på eit møte i den irakiske regjeringa i dag, eit møte som vart leidd av sjefen sjølv, president Saddam Hussein. Dei siste åra har ambassaden i Stockholm representert Irak også i Noreg.
Dette skjer samstundes med at Noreg førebur seg på å stengje ambassaden sin i Bagdad, snaue to år etter opninga.
På det same regjeringsmøtet vart det også avgjort at Irak skal gjenopprette det diplomatiske sambandet med Makedonia.
Noreg har diplomatisk samband med Irak, og det er difor ikkje noko kontroversielt i at Bagdad no igjen ynskjer å bli representert i Oslo med ein eigen ambassade.
Det norske utanriksdepartementet hadde laurdag kveld ikkje høyrt noko frå Irak om avgjerda.