NRK Meny
Normal

Opnar for våpenrestriksjonar i USA

Fleire leiande republikanarar seier dei er opne for å vurdere restriksjonar på dei amerikanske våpenlovene etter massedrapa i Las Vegas. No får dei også støtte frå våpenlobbyen.

US-CONGRESS-DEBATES-SALE-OF-BUMP-STOCK-DEVICES-AFTER-LAS-VEGAS-M

Amerikanske politikarar vurderer å forby såkalla «bump stocks», som vist på bildet. Dette er utstyr som kan gjere eit halvautomatisk våpen om til eit automatvåpen.

Foto: GEORGE FREY / AFP

Massakren i Las Vegas har sett ny fyr i debatten om dei amerikanske våpenlovene. No seier fleire republikanarar at dei er villige til å stramme inn. Dei vil blant anna vurdere å forby såkalla «bump stocks», som gjer det mogleg å skyte raskare med halvautomatiske våpen, skriv Washington Post.

Blant dei som er på gli er speaker i Representanthuset i USA, Paul Ryan. Også leiaren i justiskomiteen, Robert Goodlatte, seier at lovgjevarane må sjå nærare på utstyr som gjer det mogleg å gjere lovlege halvautomatiske våpen om til å bli automatiske.

Demokratane har allereie levert eit lovforslag som forbyr slikt utstyr, og det er venta at også Republikanarane skal levere eit forslag om kort tid.

US-SEN.-FEINSTEIN-INTRODUCES-BILL-TO-BAN-DEVICES-TO-MAKE-WEAPONS

Dei demokratiske senatorane Dianne Feinstein og Bernie Sanders fremma eit forslag om å forby «bump stocks» onsdag.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

Stephen Paddock skal ha hatt to «bump stocks» tilgjengelege då han skaut og drap 59 menneske og såra over 500 i Las Vegas natt til måndag, norsk tid.

NRA også på glid

Men no er også den amerikanske organisasjonen National Rifle Association, NRA, open for å stramme inn, skriv BBC. Organisasjonen er ivrige forkjemparar for retten til å eige våpen.

Men no ber dei amerikanske politikarar umiddelbart vurdere om utstyr som kan gjere eit halvautomatisk våpen om til eit automatvåpen er lovlege.

– Etter det grufulle og meiningslause angrepet i Las Vegas leitar det amerikanske folket etter svar på korleis ein kan hindre slike tragediar i framtida, skriv NRA i ei fråsegn.

US-POLITICS-TRUMP-NRA

Visepresident Wayne LaPierre i NRA ber amerikanske politikarar om å vurdere om utstyr som kan gjere halvautomatiske våpen om til automatvåpen er lovleg.

Foto: JIM WATSON / AFP

I den same fråsegna kjem NRA med ei oppmoding til Kongressen om å vedta eit forslag som går ut på at våpeneigarar som har løyve til å bere våpen i ein stat, skal kunne ta med seg våpenet til ein annan stat, sjølv om det skulle vere strengare våpenreglar der.

Samtidig kritiserer dei politikarar som arbeider for ytterlegare våpenkontroll.

– Å ta våpenet frå lovlydige amerikanarar på grunn av dei kriminelle handlingane til ein galning, kjem ikkje til å hindre nye angrep.

Trur ikkje på ytterlegare kontroll

Leif Magne Lervik

Leif Magne Lervik skriv doktorgrad om amerikansk våpenkultur. Han trur ikkje det kjem ytterlegare innstrammingar i våpenlovene i USA.

Foto: Remi Sagen / NRK

Leif Magne Lervik, som jobbar med ein doktorgrad om amerikansk våpenkultur, seier til NRK at det ikkje er overraskande at både NRA og republikanarane går inn for å forby «bump stocks».

– I USA har det sidan 1986 vore forbode for privatpersonar å eige automatvåpen. Dette er eit forsøk på å tette eitt av smotthola for å hindre at fok kan endre på våpena sine.

Men han trur ikkje dette er det første steget mot ytterlegare innstramming i dei mange våpenlovene i USA.

– Våpenlobbyen har sterke grasrotorganisasjonar som følger politikarane tett. Å stramme ytterlegare inn vil koste for mykje politisk for Republikanarane.

Raskare saksbehandling

Massedrapa i Las Vegas har også ført til at Justisdepartementet i USA har sett fortgang i prosessen med å spore våpen som er brukt i skytingar tilbake til den som opphavleg kjøpte våpenet, skriv Reuters

Vanlegvis tek det fem til seks dagar å spore eit våpen som har vore brukt i eit brotsverk. Men i alvorlege saker skal politiet no kunne krevje å få ut informasjonen frå registera innan 24 timar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt