Hopp til innhold

Opnar for samarbeid med Sverigedemokraterna

Leiar for Kristdemokraterna, Ebba Busch Thor, seier til SVT at ho er klar til danne regjering, sjølv om det er med støtte frå Sverigedemokraterna.

Ebba Busch Thor

Leiar for Kristdemokraterna, Ebba Busch Thor, saman med leiaren for Moderaterna Ulf Kristersson under eit valkamparrangement. Partiet er det første i Alliansen som opnar for eit samarbeid med Sverigedemokraterna.

Foto: Ints Kalnins / Reuters

– Vi må kome vekk frå at ein er så utruleg usikker på eigne verdiar og eigen politikk at ein blir redde berre av at Sverigedemokraterna er til stades i Riksdagen, seier leiar for Kristdemokraterna, Ebba Busch Thor til SVT.

Kristdemokraterna er eit av dei fire partia som utgjer den borgarlege Alliansen. Dei tre andre partia er Moderaterna, Liberalerna og Centern.

Alliansen fekk ikkje nok representantar i Riksdagen til å danne ei fleirtalsregjering. Både Alliansen og den raudgrøne blokka har tidlegare sagt at det ikkje er aktuelt for dei å samarbeide med Sverigedemokraterna. No opnar likevel Thor for eit slikt samarbeid.

– Eg står for vår politikk og våre verdiar på alle måtar, uansett kven som røyster for. Og så har eg vore budd på å gå inn i ei koalisjonsregjering, sjølv om det krev støtte frå Sverigedemokraterna, seier Busch.

Alliansen

Partileiarane i den borgarlege Alliansen. Frå venstre Annie Lööf frå Centerpartiet, Ulf Kristersson frå Moderaterna, Ebba Busch Thor frå Kristdemokraterna og Jan Björklund frå Liberalerna.

Foto: Tt News Agency / Reuters

Usemje i Alliansen

Både Centern og Liberalerna sa så seint som måndag at eit samarbeid med Sverigedemokraterna ikkje er aktuelt. Partia i Alliansen er dermed ikkje samde om kven dei skal samarbeide med for å sikre seg regjeringsmakt.

Partileiar for Liberalerna, Jan Björklund, heldt fast ved at ei Allianse-regjering ikkje kan støtte seg på Sverigedemokraterna for å få gjennom budsjettet.

– Det krev eit blokkoverskridande samarbeid, sa Björklund måndag.

Ville ikkje ha Löfven

Tysdag føremiddag røysta Riksdagen over om Stefan Löfven frå Socialdemokraterna skulle få halde fram som statsminister. Löfven fekk ikkje nok støtte, og må dermed gå av.

Alliansen ser det som sjølvsagt at det er leiaren for Moderaterna Ulf Kristersson som får oppdraget med å danne ei ny regjering.

Heilt sidan valet har det vore venta at Sverigedemokraterna og leiaren Jimmie Åkesson ville støtte ein borgarleg regjering. Tysdag morgon sa Åkesson til SVT at han no likevel ikkje ser ei regjering med dei fire partia i Alliansen som eit realistisk alternativ.

Kan bli nyval

Det er den nye talsmannen i Riksdagen, Andreas Norlén frå Moderaterna, som har fått i oppgåve å peike ut ein ny statsministerkandidat.

Han har fire forsøk på å finne ein kandidat som får støtte av Riksdagen. Klarar han ikkje det, ligg det an til nyval i Sverige.

SISTE NYTT

Siste nytt