FOR LEGALISERING: Vicente Fox på eit arrangement med det kommersielle marihuanaselskapet Diego Pellicer Inc. i Seattle i 2013.
Foto: Marcus Donner / Reuters– Alle narkotiske stoff, inkludert kokain, heroin og metamfetamin vil vere lovleg i Mexico innan 10 år, seier den tidlegare presidenten til nyhendebyrået Reuters.
Tidlegare denne månaden opna den meksikanske høgsteretten for avgrensa bruk av marihuana. Avgjerda vert sett på som historisk ettersom at retten vedtok at å forby dyrking til eige bruk og bruk i avgrensa mengder er eit brot med menneskerettane. Sjølv om fleire andre land og amerikanske statar har opna for delvis legalisering, har ingen brukt dette argumentet før.
Fleire tek til orde for liberalisering
– Dette er ei historisk avgjerd, også fordi den kjem i eit av dei landa som har lidd mest frå krigen mot narkotika, seier Hannah Hetzer frå den USAs allianse for narkotikapolitikk til New Scientist.
Fox og Hezer er ikkje åleine om sitt synspunkt på liberalisering. Dei siste åra har mange peika på det kunstige skiljet mellom ulike typar stoff der nokre, som alkohol, er lovlege, medan andre, som marihuana, er ulovlege.
Fleire – sist i rekka FNs program for narkotika og kriminalitet via ein lekka rapport – har kritisert dagens narkotikapolitikk som dei meiner handlar for mykje om straff, og hevdar at denne bidreg til folkehelseproblem og negative konsekvensar når det gjeld tryggleik og menneskerettar.
- Les også:
Over 100.000 døde i den meksikanske narkokrigen
I eit intervju i 2013 skal Fox ha sagt at narkotika kom til å bli legalisert før noverande president Enrique Peña Nieto har avslutta sin presidentperiode, det vil seie innan 2018.
Peña Nieto er sjølv motstandar av legalisering, men har annonsert ein nasjonal debatt om temaet. Trass i at dei har ulikt syn på legalisering rosar Fox presidenten sin innsats i kampen mot narkotika.
ÅRETS HALLOWEENMASKE?: Joaquin 'El Chapo' Guzman var ein av Mexicos mest ettersøkte narkobaronar, og er det igjen etter at han i sommar rømte frå høgsikkerheitsfengselet Altiplano.
Foto: RONALDO SCHEMIDT / Afp- Les også:
Peña Nieto skal ha roa ned nivået i konflikten som har drepe 100.000 menneske sidan 2007. Likevel har presidenten også mange kritikarar, særleg etter 43 studentar forsvann i fjor haust.
- Les også:
Viseinnanriksminister Roberto Campa opna sist veke for at spørsmål som gjeld fengselsstraffer og mengda marihuana folk kan ha til ei kvar tid kan diskuterast. Allereie i 2009 vart det lov å ha små mengder marihuana eller kokain i Mexico.