Hopp til innhold

Open konflikt mellom Netanyahu og den militære leiinga

Konflikten mellom regjeringa og den israelske hæren vert stadig meir synleg og offentleg. Denne veka kom siste stikk frå IDF.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu på eit kabinettmøte på statsministerens kontor i Jerusalem i juni 2023. Sidan har presset mot han auka enno meir.

STRID: Presset mot statsminister Netanyahu er tungt. Her i juni 2023.

Foto: Abir Sultan / AP

Måla for krigen på Gazastripa er uoppnåelege, sa IDFs talsperson Daniel Hagari i eit intervju på den israelske TV-kanalen Channel 13 på onsdag.

Fleire episodar dei siste vekene vitnar om den politiske splittinga i Israel. I kjernen står statsminister Benjamin Netanyahu.

Daniel Hagari, talsperson for IDF, i oktober 2023. Denne veka var han ute med eit stikk mot statsminister Netanyahus planar for krigen på Gazastripa.

Daniel Hagari, talsperson for IDF, i oktober 2023. Denne veka var han ute med eit stikk mot statsminister Netanyahus planar for krigen på Gazastripa.

Foto: Gil Cohen-Magen / AFP

Forsvarssjefen har kritisert mangelen på ein plan for kven som skal styre Gaza når IDF trekk seg ut, to ministrar i krigskabinettet har trekt seg av same grunn, og søndag vart fleire sjokkerte då IDF annonserte daglege pausar i krigføringa på Gaza – ikkje minst Netanyahu, som høyrde om planane for første gong.

Ein så offentleg konflikt mellom den politiske og militære leiinga i landet, er ikkje noko vi vanlegvis ser. Er det starten på noko større?

Kven sa kva?

– Dette dreier seg om at heilt frå starten av måla for denne krigen vore både uoppnåelege og lite konkrete eller målbare, seier Prio-forskar Jørgen Jensehaugen.

Jørgen Jensehaugen

Jørgen Jensehaugen er historikar og forskar ved Prio. Han har si spesialisering i konflikten mellom Israel og dei arabiske landa.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Då Israel formelt erklærte krig mot Hamas dagen etter terrorangrepet den 7. oktober, gjorde Netanyahu det klart kva som var måla:

  • Knuse Hamas
  • Få heim gissela

I intervjuet Channel 13 på onsdag, sa IDFs Hagari:

  • Det er umogleg å knuse Hamas med militær styrke
  • Vi får ikkje heim gissela gjennom militær krigføring

– Dette med å øydelegge Hamas, å utslette dei – det er å kaste sand i auga på folket, sa Hagari, og fortsette:

– Hamas er ein ideologi, eit parti. Det har festa seg i hjarta til folket. Alle som trur at vi kan eliminere Hamas, tar feil.

Netanyahu slo raskt hardt tilbake, og minte om at IDF er forplikta til å følge regjeringa sine definerte mål for krigen. Tidlegare i veka hinta han om at hæren fleire gongar ikkje har følgt det regjeringa har bestemt.

– La meg minne dykk om at Israel er eit land med ein hær, ikkje ein hær med eit land, skal han ifølge The Times of Israel ha sagt i eit møte i krigskabinettet.

protest tel aviv

Store protestar i Tel Aviv i februar for å få gissel heim frå Gaza.

Foto: AHMAD GHARABLI / AFP

Slitasje i rekkene

Hagaris utspel var eit sjeldan direkte stikk til korleis Netanyahu leiar krigføringa på Gazastripa, men føyer seg inn i ei rekke av liknande murring, seier Jensehaugen.

– Her ser vi ei tydeleg slitasje over tid.

Rett etter angrepet i oktober stod nasjonen samla om ein israelsk respons. Meiningsmålingar viste at fleirtalet støtta planane for krigen då.

– No har det gått snart ni månadar. Israel er i ei hengemyr. Det er slitasje på troppane, drapstala er høge, og alt dette skjer utan at ein ser eit tydeleg mål for krigen, seier Jensehaugen.

Demonstranter i Tel Aviv krev lauslating av dei israelske gissela Hamas bortførte til Gazastripa 7. oktober.

Demonstrantar i Tel Aviv krev lauslating av dei israelske gissela Hamas bortførte til Gazastripa 7. oktober.

Foto: Carlos Garcia Rawlins / Reuters

Han understrekar at når israelarane no kritiserer krigen, er det ikkje lidingane på palestinsk side dei fleste av dei tenker på. Israel roper etter ei omprioritering av måla for krigen:

– Først få ut gissela, så overvinne Hamas. Men Netanyahu er fast bestemt på å gjere det i motsett rekkefølge, seier Jensehaugen.

Bryt med tidlegare krigar

IDF har ikkje for vane å kritisere leiinga mens dei står midt i ein krig. Oppvasken kjem som regel i etterkant, seier politisk kommentator Tal Schneider i den israelske avisa The Times of Israel.

Men krigen på Gazastripa no skil seg frå andre krigar Israel har deltatt i.

Les også «Motstandsaksen»: Dette er Israels militære fiendar

folk brenn amerikansk og israelsk flagg

– Israels første statsminister, David Ben-Gurion, formulerte tre prinsipp som har vore leiande for all israelsk krigføring fram til no, seier ho til NRK.

Aldri kjemp fleire krigar samstundes, utfør alle krigar raskt og brutalt, og ha alltid ryggstøtte frå ei verdsmakt. I tillegg baserer den klassiske israelske forsvarsstrategien seg på at krigane skal førast på fienden sitt territorium, aldri på israelsk grunn, forklarer Schneider.

– Netanyahu bryt alle dei grunnleggande reglane med denne krigen. IDF kjempar på fleire frontar no, og krigen har vart lenge, samstundes som statsministeren vår skyv frå seg USA ved å krangle med leiarane der.

Plakat med Benjamin Netanyahu med et blodig håndtrykk over, kvinne med israelsk flagg i forgrunnen

Misnøya mot statsminister Benjamin Netanyahu aukar i Israel. No kjem det også drypp frå hæren.

Foto: Jack Guez / AFP

Kven har skulda?

Både Jensehaugen og Schneider fram eit spørsmål som driv fram splittinga mellom hæren og styresmaktene.

Kven har ansvaret for at 7. oktober-angrepet kunne skje?

Schneider ser at fleire og fleire i den israelske befolkninga meiner at Netanyahu må gå av som statsminister no. Det gjeld også fleire politikarar, både i opposisjon og regjering.

– Folk har ikkje tillit til Netanyahu etter at angrepet skjedde på hans vakt, han som fronta seg sjølv som «Mr. Security». Og fleire trekk fram strategien han har hatt med å styrke Hamas sin posisjon i fleire år, forklarer ho.

Men Netanyahu forsøker å skyve skulda over på IDF. Jensehaugen meiner det ligg i statsministeren sin natur å flytte ansvaret over på nokon andre.

– Men nettopp i det at Israel skal vere eit land med ein hær, og ikkje omvendt, ligg jo det at statsleiaren har ansvar for det militæret og eventuelle feil dei gjer, seier Jensehaugen.

Han trur Hagari kan tene på å gå imot Netanyahu offentleg om det betyr at han bevare militæret sin integritet.

– Oppgjeret kjem til å kome på eitt eller anna tidspunkt, og det svekker hæren frykteleg å drive på med ein uoppnåeleg krig der heile det internasjonale ryktet til Israel vert øydelagt.

Demonstrantar held opp ein plakat som viser Benjamin Netanyahu og orda "Riksrett no!". Stadig fleire ønsker nyval i Israel.

Demonstrantar held opp ein plakat som viser Israels statsminister Benjamin Netanyahu og orda «Riksrett no!». Stadig fleire ønsker nyval i Israel.

Foto: Menahem Kahana / AFP

Kva skjer no?

Sjølv om juni har bydd på massiv kritikk av Netanyahu-regjeringa, trur ikkje Schneider at dette er starten på at det raknar fullstendig i den israelske leiinga.

Heller ikkje Jensehaugen er overtydd.

– Det er klart at dette legg ytterlegare press på den politiske splittinga i landet som dreier seg om Netanyahu som person. Han vil tape eit nyval, og han risikerer også fengsel for dommane han har på seg. Samstundes er han ein politisk leiar som greier å dra nytte av at alle imot er ham. Er det nokon som kan manøvrere dette presset, er det han.

SISTE NYTT

Siste nytt