Hopp til innhold

Joly presidentkandidat? Avgjerda fell onsdag

Onsdag blir resultatet klart i avrøystinga blant 32.000 medlemer i partiet Dei Grøne i Frankrike om kven som skal bli partiet sin presidentkandidat.

Eva Joly på veg til eit valmøte i Strasbourg

Eva Joly, her fotografert i Strasbourg tidlegare denne månaden, kjempar om å bli partiet Dei Grøne sin presidentkandidat.

Foto: FREDERICK FLORIN / Afp

Norske Eva Joly, først og fremst kjend som ein målretta korrupsjonsjegar, kjempar mot tv-kjendisen og miljøaktivisten Nicolas Hulot. Det er eit par andre kandidatar også, men Joly og Hulot er klart i tet på alle meiningsmålingar.

Reknar med ny valomgang

Nicolas Hulot er kandidat til å bli partiet Dei Grøne sin presidentkandidat.

Nicolas Hulot er den sterkaste utfordraren til Eva Joly i kampen om å bli presidentkandidat for Dei Grøne.

Foto: JEAN-PIERRE MULLER / Afp

I Dagsnytt 18 på NRK i kveld fortalde Eva Joly på telefon frå Paris at ho nettopp hadde fått beskjed om at ho faktisk leier oppteljing framfor Hulot. Ho er oppmuntra av dette, men tvilar likevel på at det blir ei avgjerd alt onsdag.

Franske medium melder i kveld at ho har fått 55 prosent av dei 3500 poststemmene som er opptalde, medan Hulot har 35 prosent. Partimedlemene kan røyste både på Internett og via Posten.

Dersom ingen av kandidatane får over 50 prosent av røystene, går valet til ein andre valomgang. Eva Joly reknar med at ho og Nicolas Hulot går vidare til ein ny og avgjerande valomgang.

Dei fleste meiningsmålingane har vist at den karismatiske tv-kjendisen har leidd klart mot Joly, men lekkasjane frå oppteljinga tyder altså på at den norskfødde juristen er å rekne med.

LES OGSÅ: Martine Aubry vil utfordre Sarkozy

LES OGSÅ: Joly kjemper om presidentkandidatur

Ulike kandidatar

Eva Joly fortel at det er stor skilnad på henne og Hulot. Han er mykje meir van med å vere på fjernsyn enn henne, og dei har heilt ulike politiske plattformer.

- NIcolas Hulot er ein veldig flott mann, han er populær og er fysisk modig. Han har vore halve livet framfor kamera, så vi slåst ikkje på same banehalvdel. Men det verkar likevel som om veljarane støttar dei verdiane eg står for, kampen mot urettferd, mot korrupsjon og finansielle system, sa ho i Dagsnytt18.

Joly fortel at Nicolas Hulot er ein meir typisk miljøpolitikar enn henne. Han vil først og fremst kjempe for dei grøne verdiane, og meiner at partiet Dei Grøne skal heve seg sover den tradisjonelle høgre-venstre aksen i fransk politikk.

Video Joly kan bli presidentkandidat

VIDEO: SJå innslaget i Dagsnytt 18.

LES OGSÅ: Frankrike på kokepunktet

LES OGSÅ: Frykter at demonstrasjonene kan spre seg

- Høyrer til på venstresida

Eva Joly vil på si side at Dei Grøne skal vere ein del av venstresida i fransk politikk, og ho meiner at det viktigaste ved presidentvalet er å hindre at Nicolas Sarkozy får ein ny periode.

Ho er også oppteken av utanrikspolitiske spørsmål, og ho vil blant anna kjempe for at den greske gjelda blir sanert, slik at ikkje fellesskapet sine pengar blir brukte til å betale gjelda.

Det har vore ein tøff tone mellom Eva Joly og Nicolas Hulot i kampen om å bli Dei Grøne sin presidentkandidat. Joly vedgår at ho har brukt hardt skyts mot motstandaren, men meiner det er slik det skal vere i ein valkamp.

- Dersom eg taper valet, vil eg sjølvsagt støtte Hulot 100 prosent vidare i kampen om å bli fransk president, seier ho.

LES OGSÅ: Joly slakter fransk pensjonsreform

LES OGSÅ: Joly i tog mot høgare pensjonsalder

LES OGSÅ: Joly snakker ut om eks-mannens selvmord

SISTE NYTT

Siste nytt