NRK Meny
Normal

Onkelen fekk skulda for å ha starta første verdskrig

SOKOLAC/ BOSNIA-HERCEGOVINA (NRK): Nevøen til mannen som drap erkehertug Franz Ferdinand er ikkje i tvil. Han hadde gjort det same hadde han fått sjansen.

Nicola Princip

EIN HEILT VANLEG MANN: Nikola Princip beskrive onkelen, Gavrilo Princip (bilete), som ein fridomshelt. Trass det berykta familiemedlemmen, som drap Franz Ferdinand, er Nicola sjølv ein ganske vanleg mann.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRk

– Dersom eg visste at mitt folk ville fått sin fridom, ville eg gjort det same, seier Nikola Princip til NRK.

På denne dagen for 100 år sidan vart erkehertug Franz Ferdinand, tronarvingen i Austerrike-Ungarn, skoten og drepen av Gavrilo Princip.

NRK møtte slektningen til attentatmannen som av mange har fått skylda for å starte første verdskrig.

NRK blir tatt godt i mot av ekteparet Princip i den bosnisk-serbiske byen Sokolac.

Nikola Princip har ei lang karriere bak seg som ingeniør for Mercedes-Benz i Sarajevo. Han er ein vanleg mann, og Princip-familien, trass det berykta familiemedlemmen, er ein ganske så vanleg bosnisk-serbisk familie.

Høyr innslaget i Verden på lørdag her:

Internt fordrive

På veggen i stova heng diskodansmedaljane til eit barnebarn. Nikola er stolt over familien sin, og glad i kona som 79-åringen har vore gift med i snart femti år.

Men på grunn av krigen måtte familien flytte frå Sarajevo, dei er blant dei mange internt fordrive i Bosnia.

Princips hus

INTERNT FORDRIVE: På grunn av krigen måtte familien flytte frå Sarajevo, dei er blant dei mange internt fordrive i Bosnia. Her: Heimen til ekteparet Princip.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Nikola syns ikkje noko om den offisielle markeringa av attentatet i Sarajevo i dag. Sjølv om Wien filharmoniske orkester skal spele.

Princip-familien skal i staden ha sin eigen seremoni i byen Bosansko Grahovo.
Der samlar dei inn pengar for å gjenreise barndomsheimen til Gavrilo Princip, som vart rasert på 90-talet under operasjon storm, då Kroatia invaderte Bosnia.

Nikola vaks opp i det huset.

– Gavrilo var ein sjenert ung mann, veldig intelligent, han levde seg sterkt inn i bøker og idear.

Nicola Princip

Feira som ein fridomshelt

Det er andre gong heimen er lagd i grus. Første gang var under andre verdskrigen. Då spanderte president Tito oppussinga, i samband med 50-års markeringa av attentatet.

For i det gamle Jugoslavia vart Gavrilo Princip feira som ein fridomshelt. Han var symbolet på fridomskampen til Sør-Slavarane, fortel Nikola.

Gavrilo Princip

100 ÅR SIDAN: 19 år gamle Gavrilo Princip 29. juni 1914.

Foto: HANDOUT / Reuters

Men på grunn av dei etniske konfliktane i Bosnia, har muslimar og kroatar byrja å tolke om historia om mordet på erkehertug Franz Ferdinand.

No hevdar dei attentatmannen var ein serbisk nasjonalist, som drøymde om eit Stor-Serbia på Balkan. Dette er løgn, fortel Nikola.

– Gavrilo var medlem av ei multinasjonal revolusjonær rørsle. Dei kjempa for fridom til alle dei sør-slaviske folka. Då Austerrike tok Bosnia frå Osmanriket i 1878, ynskte mange i Bosnia seg eit eige land.

Men kven var det som hjelpte desse attentatmennene med våpen og opplæring?

Det var den serbiske organisasjonen Den svarte hand, seier Nikola. Kven som stod bak dei igjen er uklart.

Nicola Princip

STOLTE: Familien til Gavrilo Princip er svært stolte over slektningen sin. Dei synest det er trist han døydde av turberkolose i eit fengsel i Tsjekkia under første verdskrigen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Var det den serbiske regjeringa eller politiske rivalar av erkehertug Franz Ferdinand i Austerrike? Eller var det andre krefter i Europa som stod bak. Krefter som ynskte seg ein krig?

Ein «sjenert ung mann»

Uansett, familien til Gavrilo Princip er svært stolte over slektningen sin. Dei synest det er trist han døydde av turberkolose i eit fengsel i Tsjekkia under første verdskrigen. Han fekk aldri sjå det foreinte Jugoslavia som han var med på å skape.

Nikola møtte aldri den berømte onkelen. Men han kjende foreldra godt. Mora Maria snakka mykje om han, fortel han.

– Gavrilo var ein sjenert ung mann, veldig intelligent, han levde seg sterkt inn i bøker og idear. Han angra på at han drap hertuginne Sofie, som var gravid under attentatet. Men han angra aldri på at han drap Franz Ferdinand. For det var okkupasjon, og han var fienden. Du hadde vel heller ikkje likt om utanforståande kom til ditt land og stal alle naturressursane dine, seier Nikola og ser alvorleg på NRK.

Nicola Gavrilo møter NRK

HISTORIA ER PERSONLEG: – Du hadde vel heller ikkje likt om utanforståande kom til ditt land og stal alle naturressursane dine, seier Nikola Princip til NRK.

Foto: NRK

– No blir historia tolka baklengs. Vi serbarar blir gjort til syndebukkar for første verdskrigen.

Det må vere den første krig i verdshistoria der versjonen til taparane dominerer. Men Nikola Princip er ikkje ein bitter mann, han har stort sett hatt eit godt liv.

Han er meir uroa for ungdommen. På spørsmål om korleis vi skal unngå krig i Europa dei neste hundre åra svarar han følgande:

– Eg skal sei korleis vi kan få fred dei neste 500-åra. Økonomisk og kulturelt samarbeid, beskytt minoritetane, så vil vi leve i fred og harmoni, seier nevøen til mannen som drap erkehertug Franz Ferdinand på denne dagen for hundre år sidan.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt