Omstridd val i gang i Kirgisistan

Den omstridde folkerøystinga om støtte til den nye grunnlova i Kirgisistan, er i gang.

President Rosa Otunbajeva røysta i Osj.

President Rosa Otunbajeva røysta ved eit vallkokale i byen Osj.

Foto: SHAMIL ZHUMATOV / Reuters

Den fungerande presidenten Rosa Otunbajeva røysta i eit vallokale i byen Osj, som tidlegare denne månaden var herja av etnisk uro som kosta eit ukjent tal menneske livet og sende fleire hundre tusen på flukt.

LES OGSÅ: Hat og mistillit preger Kirgisistan

Folkerøystinga om grunnlovsforslaget, som opnar for innføring av eit paralmentarisk demokrati i Kirgisistan, blir halden trass i årvaringar om at avrøystinga kan fyre opp under meir etnisk vald i landet.

Grunnlovsforslaget inneber at makt blir overført frå presidenten til statsministeren. Eit ja-fleirtal vil opne for val i oktober og internasjonal godkjenning .

- Landet vårt er i stor fare, men resultatet av folkerøystinga vil vise at landet står saman, og at vi er eitt folk, sa Rosa Otunbajeva då ho røysta på statsuniversitetet i Osj i dag.

LES OGSÅ: - Islamistiske narkobaroner bak uro

LES OGSÅ: Nesten alle flyktninger tilbake i Kirgisistan

LES OGSÅ: Usbekiske flyktninger drar hjem

LES OGSÅ: Kirgisistan: 20 arrestert etter uro

SISTE NYTT

Siste nytt