NRK Meny
Normal

Omstridd avretting i Pakistan

Ein profilert, dødsdømd fange i Pakistan er avretta. Det stadfestar familien til AFP. Shafqat Hussain vart dømd for eit drap han skal ha gjort som 15-åring i 2004.

Shafqat Hussain

Kroppen til den avretta mannen vert frakta vekk, morgonen 4. august.

Foto: ASIF HASSAN / Afp

Avrettinga av Hussain er blitt utsett fire gonger, og rettssaka mot han er kritisert av FN og ei rekkje menneskerettsgrupper. Men det hjelpte lite.

Hussain vart avretta ved henging i eit fengsel i Karachi rett før daggry tysdag, men fekk lov til å møte familien sin like før midnatt.

PAKISTAN-UNREST-CRIME-EXECUTION-FILES

Mor til den avretta mannen Shafqat Hussain held fram eit bilete av sonen.

Foto: SAJJAD QAYYUM / Afp

Ifølgje advokatane og familien til Hussain vart han torturert og pressa til å tilstå drapet på ein sju år gammal gut i 2004, skriv AFP.

Må vere over 18 år

Ifølgje det pakistanske lovverket kan ingen dømmast til døden for lovbrot dei har gjort før dei fylte 18 år.

Då drapet skjedde, var Hussain berre 14–15 år, men dette har vore vanskeleg å bevise sidan han kjem frå ein fattig familie og ikkje har nokon fødselsattest, skriv BBC.

Pakistan har fått kritikk for å ikkje etterforske saka til Hussain godt nok, men styresmaktene i landet hevdar at Hussain var 23 år då drapet skjedde, og retten avslo ønsket om å undersøke alderen.

Har avretta 200 berre i år

Pakistan har det høgaste talet dødsdømde fangar, i skrivande stund ventar kring 8 000 menneske i Pakistan på å verte avretta. Det gjer dei til eit av dei landa med flest avrettingar i verda.

Pakistan byrja igjen å avrette dødsdømde i desember i fjor etter ei seks år lang pause. Bakgrunnen var terroraksjonen mot ein skule der over 150 menneske, dei fleste born, vart drepne.

Frå desember 2014 til no har Pakistan avretta om lag 200 menneske, nesten alle i 2015. Tal frå andre land i same periode er ikkje offentleggjort enno. Men tal frå 2014 viser at Iran låg på topp med 289 avrettingar, Saudi-Arabia 90, Irak 61, USA 35 og Sudan 23.

PAKISTAN-UNREST-HANGINGS

Familien til Shafqat Hussain ventar utanfor fengselsmurane i Karachi, på å få utlevert kroppen til Hussain.

Foto: ASIF HASSAN / Afp
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt