Hopp til innhold

Brannmann omkom i skogbrann

– Tørke og varme har gjort mykje av delstaten til ei kruttønne, seier guvernør Edmund Brown i California.

Skogbrann California 2015

US-WILDFIRE-GROWS-RAPIDLY-IN-CALIFORNIA'S-LAKE-COUNTY

Hus tatt av skogbrann i Lake County.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / Afp

Over 8.000 brannmenn er sett inn for å få kontroll over dei 18 brannane.

Den 38 år gamle brannmann David Ruhl frå Sør-Dakota miste livet i ein av skogbrannane, opplyser guvernøren.

– Dette dødsfallet er tragisk og trist, sa Amanda McAdams frå skogforvaltninga til Los Angeles Times.

Styremaktene etterforskar no dødsfallet.

Skogbrannar er vanlege i store deler av California. I år som i fjor har det vore høge temperaturar og tørke.

Hundrevis av menneske evakuert

Ruhl døydde då han arbeidde med å sløkkje brann i Modoc fylke. Dette er det Nord-Austlege hjørnet av delstaten California, og det er her dei verste brannane herjar.

US-WILDFIRE-GROWS-RAPIDLY-IN-CALIFORNIA'S-LAKE-COUNTY

Brannmenn i aksjon i Lake County

Foto: JUSTIN SULLIVAN / Afp

Men også lengre sør, rett Nord for delstatshovudstaden Sacramento, i Napa Valley og Lake county har flammane ete seg gjennom knusktørre busker og kvist på bakken.

Dei farlege buskbrannane truar over 1.500 heimar, og hundrevis av menneske vart evakuerte på torsdag. Brannmenn klarte etter kvart å få nokolunde kontroll, og styremaktene ventar og ser no med å beordre fleire område evakuerte.

Fryktar torever kan tenne fleire brannar

Det er meldt torever i helga, noko som uroar brannmannskapa.

Lynnedslag kan tenne fleire brannar i utilgjengelege landsbyar som ikkje har tilstrekkeleg vatn på grunn av tørken.

SISTE NYTT

Siste nytt