Hopp til innhold

Omfattande ebola-tiltak i Mali

82 personar vert overvaka i Mali, i frykt for at dei har blitt smitta med ebola. Personane har alle vore i kontakt med ein to år gamal baby, som førre veke døde av viruset. Men ingen nye smittetilfelle er avdekka og optimismen rår.

Mali Ebola

82 menneske vert haldne på lukka avdeling i Kayes, vest i Mali, etter at ei to år gamal jente døydde av ebola i førre veke.

Foto: Baba Ahmed / Ap

Mali Ebola

Helsearbeidarar førebur seg for å ta hand om det døde barnet.

Foto: Baba Ahmed / Ap

Helsearbeidarar i Mali har blitt sett på prøve. Landet har fram til nyleg vore skjerma for det dødelege ebolaviruset som har herja i nabolandet Guinea. Men i førre veke vart det kjent at ei to år gamal jente, som hadde vore i Guinea inntil nyleg, døydde av viruset i Kayes i Vest-Mali.

Jenta si mor hadde døydd av ebola i Guinea. Difor vart babyen henta av bestemora si, frakta over 100 mil med buss, og kome fram til Kayes, der ho seinare døydde.

– Me held oppsyn med bestemora i dag, og eg trur det går bra. Temperaturen hennar er fin, og ho klarer seg fint. Det var den einaste personen som me er heilt sikre på har vore i direkte kontakt med den avdøde, seier talsmann for maliske helsestyresmakter, Lamine Diarra, til den franske radiokanalen RFI.

Litt bortanfor bestemora, på same sjukehus, vert dei andre personane haldt under oppsyn. Desse personane kan ha vore i direkte kontakt med jenta, men det er førebels berre ei jente som har vist teikn på sjukdom i form av feber. Men jenta skal allereie vere på betringas veg.

– Me gav ho behandling og febaren var låg. No følger me med på ho, seier Diarra.

I Kayes er helsepersonellet ved godt mot, og det er førebels mykje som tyder på at dei har klart å unngå ytterlegare ebolasjukdom i Mali.

Kayes, Mali

SISTE NYTT

Siste nytt