Hopp til innhold

Om kunnskapsløyse og politikk

Korleis vil vi her på toppen av Europa merke at ein ny person flyttar inn i Det kvite hus?

Hillary Clinton og Barack Obama

Medvedev, whatever: Hillary Clintons tilsynelatande uvite gjør seg godt på TV.

Foto: MATT SULLIVAN / REUTERS

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Nyleg var ein av dei unge heltane frå den amerikanske Idol-konkurransen med på spørreleik i TV, der vaksne kjendisar får bryne seg mot kvikke elevar frå barneskolen.

Kellie Pickler

Trudde Europa var eit land: Idol-deltakar Kellie Pickler imponerte ikkje i spørreleik.

Foto: Seth Wenig / AP

25.000-dollarsspørsmålet denne kvelden var kva slags land i Europa som har Budapest som hovudstad.

Utan blygsel sa Idol-dama først at ho trudde Europa var eit land.

Deretter, da ho fekk vite at svaret var Ungarn, Hungary på engelsk, oppfatta ho det som "Hungry", altså "svolten".

Ho hadde hørt om Turkey, sa ho - det engelske namnet på Tyrkia, som tilfeldigvis også betyr kalkun. Men aldri om ho hadde hørt om eit land som heitte Svolten.

Nett-tv: Se videoklippet på YouTube (ekstern lenke)

Uvanleg kompetente kandidatar

Det er lett å lage moro over kunnskapsnivået i USA. Landet er stort.

Og sjølv om skolestellet er både ambisiøst og disiplinert og nasjonen dyrkar dei beste hjernene, har folk flest meir enn nok med å forholde seg til kvardagen. Interessa er lita for det som foregår utanfor grensene, og mediene legg ikkje utprega vekt på det som skjer andre stader.

Folk flest har meir enn nok med å forholde seg til kvardagen

Gunnar Myklebust

Dette speglar også valkampen. Det er samanheng mellom nyhetsbildet og det presidentkandidatane til ei kvar tid legg vekt på.

Så da dei dramatiske meldingane frå Irak blei færre utover hausten, snakka også kandidatane mindre om Irak. Veljarane er opptatt av dei siste nyhetene, ikkje nødvendigvis dei viktigaste. Og da følgjer kandidatane etter.

Det er knapt provoserande å seie at nær sagt kven som helst som flytter inn i Det kvite hus til vinteren, vil vere meir kompetent enn George W. Bush i utanrikspolitikken.

Det er likevel eit uvanleg trekk at kampen om å bli USAs 44. president akkurat nå står mellom så kompetente kandidatar.

Lita interesse for utlandet

Dei fleste presidentar i USA går til val på innanrikspolitikk.

Både Bill Clinton og George W. Bush la stor vekt på at dei ikkje var opptatt av det der ute, men brydde seg desto sterkare om dei heimlege utfordringane.

Begge kom frå jobben som delstatsguvernør og hadde inga erfaring frå internasjonal politikk. Men begge fekk den kraftig i fanget. Det er uunngåeleg for leiaren av verdas einaste supermakt.

Men her er det altså tre kandidatar med solid utanrikspolitisk fartstid. John McCain er fødd og utdanna i den amerikanske marinen, kampflygar og krigsfange i Vietnam.

Hillary Clinton har reist verda rundt både som Førstedame og internasjonal delegat. Barack Obama har familierøtter i Afrika og er delvis oppvaksen i Asia. Alle tre er røynde utanrikspolitikarar frå Senatet og treng ikkje jobbtrening.

Og dei veit at Bush etterlet seg både konfliktar å løyse og internasjonal mistillit til USA.

- Medvedev, eller noko sånt

Alle tre synest å ta alvorleg oppgåva med å forplikte USA sterkare internasjonalt. Dei legg alle større vekt enn Bush på avtalar og FN-systemet.

Skilnadene er meir tydelege i enkeltsaker. Der Clinton angrar på at ho stemte ja til å gå inn i Irak, angrar McCain ingenting og vil heller ha fleire soldatar, mens Obama trygt kan seie at han heile tida har vore imot krigen.

Der McCain avviser ei kvar forhandling med Iran om atomprogrammet, vil Obama forhandle utan vilkår, mens Clinton vil bruke sanksjonar og gjøre alt i hennes makt - mao. også militært - for å hindre Iran i å skaffe seg atomvåpen.

Og der både McCain og Clinton forsikrar at Cuba framleis skal pressast med sanksjonar, vil Obama snakke med Castro. Obama er nok samla sett den som er nærast det europeiske lynnet.

Da Clinton blei spurt i TV-debatten denne veka om ho visste kva Putins presidentkandidat i Russland heiter, svarte ho faktisk Medvedev, men la til "eller noko sånt".

Det gjør seg kanskje godt på amerikansk TV, der dei fleste sjåarane neppe hadde hørt namnet før. Men det låter ikkje like bra i Europa.

- Pearl Harbor starta Vietnamkrigen

Det uroar mange i USA at kunnskapsløyse nærast er blitt ein galopperande trend.

Halvparten av amerikanarar mellom 18 og 24 år meiner at det ikkje lenger er viktig eller nødvendig å vite kor ulike land i nyhetene ligg. Bare ein av fire er i stand til å peike ut Irak, Iran, Saudi-Arabia eller Israel på eit kart.

Forfattaren Susan Jacoby har skrive bok om fenomenet og viser til terrordagen 11. september 2001.

Ho fortel korleis ho var på veg heim på Manhattan denne dagen, rysta og utslått, og korleis ho kom til å overhøre samtalen mellom to menn som også var ganske prega av det som hadde skjedd:

Det er akkurat som Pearl Harbor, sa den eine. Kva er Pearl Harbor? spør den andre. Det var der vietnamesarane sleppte bomber på hamna, og det starta Vietnamkrigen, svarte førstemann.

Det var da Susan Jacoby bestemte seg for å skrive bok.

SISTE NYTT

Siste nytt