NRK Meny
Normal

Israelsk eks-statsminister støttar palestinsk FN-søknad

Israels tidlegare statsminister Ehud Olmert støttar det palestinske kravet om å få status som observatørstat i FN.

Ehud Olmert

Israels tidlegare statsminister Ehud Olmert støttar den palestinske FN-søknaden.

Foto: SAMEH SHERIF / AFP

Olmert grunngir dette med at det er viktig for Israel å styrkje moderate palestinske leiarar som president Mahmoud Abbas og statsminister Salam Fayyad.

– Desse to mennene treng hjelp frå oss, og det er på tide å gi dei det, skriv Ehud Olmert i eit brev til den kanadiske skribenten og professoren Bernard Avishai, som blir gjengitt i den amerikanske nettavisa The Daily Beast .

Starta nytt parti

Guido Westerwelle

Tysklands utanriksminister Guido Westerwelle opplyser at Tyskland vil røyste blankt.

Foto: GEOFF CADDICK / Afp

Olmert var tidlegare partikollega med den noverande statsministeren i Israel, Benjamin Netanyahu, før han braut ut og danna sentrumspartiet Kadima. Kadima vann valet i 2006. Han var statsministeren i Israel fram til 2009, då han vart tvungen til å gå av som følgje av korrupsjonsskuldingar.

Det er venta at det blir eit klart fleirtal i FNs generalforsamling for å gi dei palestinske styresmaktene status som observatørstat i FN, ein status berre Vatikanstaten har i dag.

USA har varsla at dei vil røyste mot ein slik status for palestinarane, medan Storbritannia og Tyskland har gjort det klart at dei vil avstå frå å røyste. Noreg og fleire andre europeiske land vil støtte den palestinske søknaden .

Følg FN-møtet direkte:

Webvid28 HD Verden

FN i New York direkte frå 20:45

Støttar palestinsk stat

Tysklands utanriksminister Guido Westerwelle seier at landet støttar opprettinga av ein palestinsk stat, en at ei oppgradering av FN-statusen kan føre til ytterlegare fastlåste posisjonar hos både Israel og palestinarane.

Espen Barth Eide hos NRK på Marienlyst, Oslo

Noreg og Utanriksminister Espen Barth Eide støttar den palestinske FN-søknaden.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Avrøystinga i FN skjer truleg i løpet av kvelden norsk tid. Det er venta at over 150 land vil røyste ja til den palestinske søknaden.

Israel meiner at det å gi dei palestinske styresmaktene ein slik status i FN er eit klart brot på Osloavtalen, som seier at alle endringar i status skal skje gjennom forhandlingar mellom dei palestinske styresmaktene og Israel.

Internasjonal straffedomstol

En status som observatørstat vil gjere det mogleg for dei palestinske styresmaktene å bli medlem i fleire FN-organisasjonar, blant anna Den internasjonale straffedomstolen ICC. Det er særleg dette som uroar den israelske regjeringa.

Dette kan føre til at ICC-domstolen startar etterforsking av israelske aksjonar på Vestbreidda og Gazastripa.

President Mahmoud Abbas har sagt at han har håp om at ei statusendring for palestinarane i FN, kan gjere det lettare å få i gang igjen forhandlingane med Israel

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt