Hopp til innhold

Olmert hovudmistenkt i svindelsak

Israels tidlegare statsminister Ehud Olmert er namngitt som hovudmistenkt i ein gigantisk korrupsjonsskandale i heimlandet.

Israels statsminister Ehud Olmert

Israels tidlegare statsminister Ehud Olmert er mistenkt for å ha motteke bestikkelsar.

Foto: PAUL HANNA / REUTERS

Dette er klart etter ein domstol i Jerusalem har oppheva hemmeleghaldet rundt saka, melder fleire israelske aviser og fjernsynsstasjonar.

Olmert skal vere mistenkt for å ha motteke mutar for rundt seks mill. kroner for at eigedomsprosjektet Holyland skulle bli godkjent.

Sist veke vart ein tidlegare medarbeidar av Olmert, Uri Messer, arrestert i same saka. Fleire andre skal også vere pågripne i det som blir kalla århundrets eigedomsskandale i Israel.

Israelske aviser og etermedium har brukt mykje plass på skandalen den siste tida.

Ehud Olmerts talsmann Amir Dan seier at den tidlegare statsminister avviser å ha vore innblanda i saka, men at han er viljug til å svare på alle spørsmål som politiet måtte ha.

Olmert kom tilbake til Israel i dag etter ei reise i Europa.

SISTE NYTT

Siste nytt