Hopp til innhold

Oljeprisen ned etter resultatlaust Opec-møte

Oljeministrane i OPEC avslutta møtet sitt i Wien i dag utan å bli samde om eit produksjonstak. Resultatet er fall i oljeprisen.

Opec-møte i Wien.

Oljeministrane i OPEC vart ikkje samde på møtet i Wien i dag om eit tak på oljeproduksjonen.

Foto: JOE KLAMAR / Afp

I ei fråsegn som er sendt ut frå møtet heiter det at medlemslanda i OPEC, Organisasjonen for olje-eksporterande land er samde om å arbeide for ein stabil oljemarknad, men dei bind seg ikkje til konkrete løfter.

Energiministeren i Saudi-Arabia sa før møtet i Wien i dag at det verkar som om oljemarknaden er i ferd med å finne ein god balanse på eiga hand, og at det såleis ikkje var naudsynt med eit produksjonstak.

Nedgang i oljeprisen

Ny generalsekretær i Opec, Mohammed Barkindo.

Mohammed Barkindo frå Nigeria er valt til ny generalsekretær i OPEC.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / AFP

Ein av dei sterkaste motstandarane av ein avtale om eit produksjonstak, er Iran, som på grunn av internasjonale sanksjonar var ute av oljemarknaden fram til januar i år. Sidan har landet levert store mengder inn i marknaden, som også har vore medverkande til prisfallet.

På møtet gjorde den iranske oljeministeren at landet har rett til å auke produksjonen gradvis. Erkefienden Saudi-Arabia lovde at dei ikkje skulle fløyme over marknaden med olje.

Krangel mellom Iran og Saudi-Arabia har dominert fleire tidlegare møte i OPEC, men møtet i Wien i dag var mindre prega av fiendskapen mellom dei to landa enn vanleg, melder Reuters.

Prisen på amerikansk olje gjekk ned til 48 dollar fatet etter at det vart klart at det ikkje vart ein avtale om eit tak på oljeproduksjonen. Nordsjøolje var i ettermiddag prisa til 49 dollar fatet.

Ny generalsekretær

Medlemslanda i OPEC har fleire gonger tidlegare prøvd å bli samde om eit produksjonstak, utan å lukkast. Oljeanalytikarar hadde før møtet i Wien ikkje rekna med ein avtale i dag heller.

Saudi-Arabias energiminister Khalid Al-Falih.

Saudi-Arabias energiminister Khaled al-Falih trur oljeprisen er på veg opp.

Foto: JOE KLAMAR / Afp

På møtet i dag vart Mohammed Barkindo frå Nigeria valt til ny generalsekretær i OPEC. Han tek over etter libyske Addalla El-Badri, som har vore i stillinga sidan 2007. Barkindo er tidlegare leiar av det statlege nigerianske oljeselskapet.

Han blir sett på som ein kompromisskandidat, og valet av den nigerianske oljeministeren var samrøystes.

Før møtet i dag sa Saudi-Arabias energiminister at Opec-medlemene er nøgde med korleis marknaden fungerer.

– Justering av oljeprisen

– Marknaden er i ferd med å stabilisere seg. Etterspurnaden er svært sunn og robust.sa Khaled al-Falih. Han la til at oljeforsyninga frå land utanfor Opec er minkande, og at oljeprisen vil endre seg som følgje av dette.

Eitt av måla med å halde produksjonen opp trass i for låg pris, har vore å presse USAs skiferolje-produksjon ut av marknaden.

Oljeprisen ligg no på rundt 50 dollar fatet, men var nede i 30 dollar for nokre månader sidan. I 2011 låg prisen i snitt på over 100 dollar fatet.

Khaled al-Falih reknar med at oljeprisen vil stige framover.

Oljeprisen stuper etter mislykket OPEC-møte

Oljeprisen fortsetter å stige

Russland og Saudi-Arabia truer med å oversvømme oljemarkedet

SISTE NYTT

Siste nytt