Oljeplattform sokk i Mexico-golfen

713 arbeidarar måtte bli henta ut frå Jupiter-plattformen i Mexico-golfen før han kollapsa i går.

Plattformen la seg til eine sida etter at han starta å ta inn vatn i går. Det statlege oljeselskapet Petroleos Mexicanos (Pemex) henta først ut 638 arbeidarar, men gav opp å redde plattformen og tok også ut dei siste75 før det var for seint.

Etter fleire redningsforsøk vippa plattformen og gjekk delvis ned.

Flotell 80 km frå kysten

Plattformen var eit såkalla «flotell», der arbeidarane budde 80 kilometer frå kysten av Ciudad de Carmen.

Det er ikkje meldt om personskadar eller oljelekkasje etter ulykka. Dei evakuerte er frakta til plattformen Abkatun-Alfa.

Sidan det ikkje var produksjon på plattformen, vil hendinga ikkje ha innverknad på produksjon eller anna arbeid i området, melder Pemex.

Eitt år sidan BP-ulykke

Dei opplyser at det var 2075 fat diesel og 82 fat flydrivstoff på plattformen.

– Vi vil framleis passe ekstra godt på rundt plattformen for å oppdage eventuelle utslepp, seier dei.

Det er snart eitt år sidan 20. april i fjor, då oljeriggen «Deepwater Horizon» eksploderte og 11 personar omkom.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt