NRK Meny
Normal

Olje-prinsesser tiltalte for slaveri i Brussel

Enka etter sjeiken av Abu Dhabi og dei sjø døtrene hennar er i ein belgisk domstol tiltalte for å ha behandla 20 hushjelper som slavar under eit eitt år langt opphald på eit luksushotell i Brussel.

Slaveri-rettssak i Brussel.

Ei av dei 20 hushjelpene (nr. 2 frå høgre) på veg inn i rettssalen i Brussel.

Foto: Dirk Waem / AFP

Prinsesse Hamda Alnehaya er enke etter sjeiken av Abu Dhabi, eit oljerikt arabisk emirat. Ho budde på luksushotellet Conrad i eitt år i 2008. Saman med dei sju døtrene sine okkuperte ho ein heil etasje på hotellet, som no har skifta namn til Steigenberger.

I belgiske aviser blir dei tiltalte omtala som «Conrad-prinsessene».

In absentia

Dei kongelege frå oljestaten i Persiabukta møter ikkje for retten, men fleire av dei 20 hushjelpene er der for å vitne om forholda dei levde under.

Frå rettssaka mot "Conrad-prinsessene".

Dommaren i saka mot dei såkalla Conrad-prinsessene orienterer retten ved opninga torsdag.

Foto: Dirk Waem / AFP

Advokatane til hushjelpene fortel at kvinnene, som var tilsette som barnepassarar, kokker og hushjelper, måtte stå på pinne for prinsessene døgnet rundt. Kvinnene måtte sove på madrassar utanfor soveromma til dei kongelege, i tilfelle dei hadde bruk for tenestene deira.

Forsvararane seier også at prinsessene fornærma dei tilsette ved å kalle dei kyr, hundar og horer, ifølgje DPA/NTB.

Belgisk politi fekk i 2008 eit tips om forholda dei 20 kvinnene levde under. Dei gjennomførte ein razzia på hotellet, og det kom fram at dei tilsette kvinnene hadde vore haldne som regelrette fangar i åtte månader.

– Menneskehandel

Fire filippinarar blant dei 20 prøvde å stikke av, men berre ei greidde å kome seg unna. Dei tre andre vart haldne tilbake av tryggingsvaktene til prinsessene.

Politiet sa den gongen at dei hadde mistanke om at dei 20 var utsette for regelrett menneskehandel. Dei kongelege skal blant anna ha teke beslag i passa deira og nekta å betale ut lønn.

Den gongen skreiv karakteriserte belgiske aviser det som skjedde som «slaveri i hjartet av Brussel».

Rettssaka mot prinsessene frå Abu Dhabi starta i ein domstol i Brussel i går og held fram i dag.

Kvinnene det gjeld er frå Filippinane, Marokko, India, Egypt, Tyrkia, Irak og Syria.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt