NRK Meny
Normal

OL tel meir enn Darfur

For eit par veker sidan truga filmregissøren Steven Spielberg med å trekke seg frå samarbeidet med dei kinesiske OL-arrangørane dersom ikkje Kina tok ansvar i Darfur.

Kinesere valfarter til Beijing for å posere med OL-maskotene.

Kinesere valfartar til Beijing for å posere med OL-maskotane.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Det kan sjølvsagt vere tilfeldig, men fire dagar seinare låg det altså føre eit vedtak i Tryggingsrådet i FN om ein stor internasjonal militær operasjon i Darfur.

Med tilslutning frå Kina, som til denne dagen hadde vore det fremste hinderet i FN i alle forsøk på å stanse overgrepa mot sivile og møte den humanitære katastrofen i Darfur.

Spielberg er kunstnerisk rådgivar for kinesarane i samband med dei olympiske leikane, med ansvaret for at Kina skal imponere verda med den mest storslagne opningsseremonien gjennom tidene.

La om kursen

Faren for å få idrettsstemnet i Beijing spolert er hovudgrunnen til at Kina har lagt om kursen i Sudan. Akkurat nå er det O.L. som tel mest.

For Kina har omsynet til olje-og energiforsyning hittil vore overordna omsynet til dei menneskelege kostnadene. Kina er Sudans fremste handelspartnar og den største investoren i oljeindustrien i Sudan. Der vestlege oljeselskap har halde seg unna av politisk frykt i det oljerike landet, har Kina funne ein sikker leverandør til å dekke det desperat aukande energibehovet sitt.

Våpenfabrikkar

Samtidig har dei kinesiske oljepengane finansiert krigføringa til Sudan. I dag går 60 prosent av Sudans oljeeksport til Kina, og dei økonomiske og militære banda mellom Khartoum og Beijing er blitt stadig sterkare. Kina har forsynt Sudan med alt frå handvåpen, miner og ammunisjon til stridsvogner og helikopter. Kina har til og med bygd tre våpenfabrikkar i Sudan.

Kinas president Hu Jintao (v) møter Sudnas president Omar al-Beshir i Khartoum.

Kinas president Hu Jintao (v) møter Sudnas president Omar al-Beshir i Khartoum i februar i år.

Foto: AFP / AFP

At desse våpena i stor grad har vore med på det amerikanarane kallar folkemordet i Darfur, har fått så kraftig og ubehageleg fokus at kinesarane altså fann grunn til å kjøpe seg fri.

Minste felles multiplum

Stor er elles ikkje kostnaden, verken for Kina eller Sudan. FN-operasjonen får ikkje den tyngden og alle dei fullmaktene som svært mange meiner er nødvendig for å skape varig fred i Darfur. Den er eit minste felles multiplum for å verne dei sivile og slå ring rundt det humanitære hjelpearbeidet. FN-styrken får verken avvæpne militia eller arrestere mistenkte krigsforbrytarar. Den har ingen ting den skulle sagt overfor den sudanske regjeringshæren. Og FN kan lite gjøre om Khartoum ikkje vil samarbeide.

Å få styrken på plass, vil ta tid. Minst eit år. Og da har Kina fått det pusterommet det treng for å avvikle leikane sine.

Handlingslamma

FN kom skeivt ut også denne gongen. Folkemordet i Rwanda i 1994 var ein vekkar for verdsorganisasjonen, som sette seg som mål i framtida å gripe inn før kriser igjen var ute av kontroll. Men den amerikanske invasjonen i Irak har gitt slike aksjonar dårleg rykte, og gjorde FN lenge handlingslamma i Darfur. I mellomtida har krigen tatt 200.000 menneskeliv, jaga 2-3 millionar på flukt og utvikla seg til eit bandittvelde mellom eit dusin rivaliserande grupper.

Så tidenes største FN-styrke på 26.000 soldatar og politifolk får eit særs vanskeleg oppdrag i eit område dit absolutt alt, frå vatn til tungt militært utstyr, må fraktast frå næraste hamn 2.000 kilometer unna.

Århundrelang konflikt 

Det er fire år sidan lokale bønder reiste seg i protest mot regjeringa i Khartoum, fordi den ikkje viste dei særleg merksemd gjennom tørke og uår. Regjeringa slo hardt tilbake. Den vende seg til arabiske nomadar og væpna dei og let dei herje vilt, stele og valdta, drepe og rydde unna mot å få all den jorda dei kunne rane til seg frå dei lokale stammane.

Flyktninger fra Darfur venter på vann i en leir i Tsjad.

Flyktningar frå Darfur ventar på vatn i ein leir i Tsjad.

Foto: THOMAS COEX / AFP

Men bak ligg det ein århundrelang konflikt om land og vatn mellom dei arabiske nomadane og dei bufaste svarte bøndene. Etter kvart som ørkenen har tvinga nomadene sørover med buskapen sin, er beitemark og vatn blitt meir dyrbar og ettertrakta. Stadig oftare har nomadane møtt gjerder og stengslar, og motstand og forakt, der det før var gjensidig forståing og eldgamle avtalar om felles bruk.

Det blir krig av slikt.

Og sånn ligg global oppvarming og klimaendringar også bak Darfurtragedien.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt