Øksemordar i India drap ni

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Den mentalt ustabile mannen drap fem små jenter og fire kvinner då han gjekk amok med øks i ein landsby i India.

Motivet for det brutale angrepet i landsbyen er uklart, men politiet seier det verka som at mannen hadde mentale problem.

Politiet opplyste også at kona nyleg hadde gått frå han.

Angrepet skjedde i landsbyen Behratoli i staten Chhattisgarh, som ligg i sentral-India.

Alle ofra var jenter eller kvinner, då mennene skal ha vore reist vekk frå landsbyen for å arbeide.

– Den sikta angreip først ein 25 år gammal kvinne og hennar to år gamle dotter, og øksa dei til døde, seier politisjef Govardhan Singh Darroh til nyheitsbyrået AFP.

Mannen, ein 35-åring med namnet Pandu Panduram, vart arrestert av politiet. Det vart teke beslag i våpenet hans.

Lokale styresmakter melder at dei pårørande til dei drepne vil få ein kompensasjon på 25 000 rupiar, eller i overkant av 2600 norske kroner.

Det har den siste tida vore stort fokus på vald mot kvinner i India, etter at ein 23 år gammal kvinneleg student vart brutalt valdteken av seks menn i ein buss i hovudstaden New Delhi. Kvinna døydde to veker seinare av skadane dei påførte henne.

SISTE NYTT

Siste nytt