Hopp til innhold

– Tollsatsane skal trygge landet og sikre arbeidsplassar

President Donald Trump la vekt på at ein sterk stål og aluminiumsindustri er grunnleggande for nasjonal tryggleik, da han i dag skreiv under på dei nye tollsatsane. Det vil ta 15 dagar før dei trer i kraft. Canada og Mexico slepp unna.

Hevder det er for rikets sikkerhet

STÅL SKAL VERJE LANDET: trump la vekt på at ein må ha ein levedyktig metallindustri i USA for å møte militære truslar.

Trump hadde med seg ei gruppe stålarbeidarar, da han signerte dei nye tollsatsane. 10 til 25 prosent auke i tollen på stål og aluminium, noko som har ført til murring både i Europa og i Kina.

Men Trump viste til ein studie utarbeida av økonomidepartementet, som viser at det er krise i den amerikanske smelteverksindustrien.

Han skulda Kina for å dumpe subsidiert stål på verdsmarknaden, for å skade amerikansk stålindustri.

– Aggressiv handelspraksis, har vore eit angrep på landet vårt sa Trump.

Trump får motstand i eige parti. Straks etter signeringa kunngjorde den republikanske senatoren Jeff Flake at han vil prøve å få annullert dei nye tariffane.

Laster Twitter-innhold

– Metallindustri viktig for nasjonal tryggleik

Men Trump var bestemt i dag.

Han la vekt på at stål og aluminiumsproduksjon er viktig for den nasjonale tryggleiken. At ein må vere i stand til å produsere militær aluminium på heimebane i krisetider.

– Mangel på ein heimleg metallindustri truar tryggleiken i landet vårt, sa Trump.

Proteksjonistane i medvind

Det er økonomiprofessor og handelsrådgjevar Peter Navarro som skal ha pressa på for å få Trump til å auke tollmurane på stål og aluminium.

Navarro kom inn i Trump-kretsen etter at Trumps svigerson, Jared Kushner, las ei bok økonomiprofessoren hadde skrive, hevdar Washington Post.

Death by China

DØDSÅRSAK KINA: Boka som opna vegen for Peter Navarro inn i Det kvite hus.

Foto: Faksimile

Boka hadde tittelen «Death by China».

Navarro har skrive fleire kritiske bøker om den asiatiske stormakta. Og han meiner som Trump at USA blir utnytta av Kina, og at ein må sette amerikanske økonomiske interesser først.

Om det så betyr å føre ein proteksjonistisk politikk, som går på tvers av internasjonale frihandelsavtalar.

Trump Stephen Miller, Jared Kushner, Steve Bannon, Peter Navarro, Reince Priebus

VANN MAKTKAMPEN I DET KVITE HUS: Handelsrådgjevar Peter Navarro vart «oppdaga» av Donald Trump sin svigerson Jared Kushner.

Foto: Evan Vucci / AP

Høglydt krangel

Navarro har vore på kollisjonskurs med Trumps hovudrådgjevar i økonomiske saker, Gary Cohn.

Cohn kjem frå storbanken Goldman Sachs, og forfektar eit meir nyliberalistisk syn – altså at frihandel er bra for USA.

Ifølgje Associated Press skal Cohn og Navarro ha krangla høglydt i korridorane til Det kvite hus. Cohn trakk seg onsdag denne veka.

– Unntak for Mexico og Canada

Presidenten bekrefta i dag at Mexico og Canada sleppe unna tollen, noko som kan tyde på at NAFTA-forhandlingane går Trump sin veg.

NAFTA er den Nordamerikanske frihandelsavtalen, og dei tre Nordamerikanske landa driv no å forhandlar ein ny periode.

Også Australia kan sleppe unna.

– Vi har eit veldig nært forhold til Australia, vi har eit handelsoverskot med Australia, eit flott land, ein langsiktig partnar, seier Trump.

 Cecilia Malmstroem

SVARAR TRUMP: EU-kommissær Cecilia Malmstrøm truar Trump med handelskrig om han gjer alvor av å auke tollsatsane.

Foto: Virginia Mayo / AP

EU truar med handelskrig

Planen er å innføre ein tollsats på 25 prosent på utanlandsk stål og 10 prosent på aluminium.

Peter Navarro har uttalt at tollsatsane kan tre i kraft om 15 til 30 dagar.

Men kjelder i Det kvite hus seier at detaljane i planen til Trump framleis ikkje er på plass, og det er uklart når tollregimet skal tre i kraft.

EU har reagert kraftig på forslaget og gjort det klart at dei er klar til å starte ein handelskrig dersom USA gjer alvor av trugslane

SISTE NYTT

Siste nytt