Olusegun Obasanjo saman med kona Stella etter at dei hadde røysta tysdag føremiddag. (Foto: Juda Ngwenya, Reuters)
Leiaren for det viktigaste opposisjonspartiet har gjort det klart at partiet ikkje godtek valresultatet, og skulda i kveld Obasanjo for omfattande valfusk. Han s at alle opposisjonspartia nektar å godta valresultatet.
Tilhengjarar av den tapande presidentkandidaten, Muhammadu Buhari, skapte fullt kaos under seremonien i kveld, og leiaren for valkommisjonen, Abel Guobadia, måtte eskorterast ut av lokalet av væpna vakter.
Det endelege resultatet av presidentvalet viser at Obasanjo har fått 24,4 millionar røyster, mot Buhari som har fått 12,7 millionar.
Internasjonale valobservatørar har også kritisert måten valet ble gjennomført på, og har peikt på fleire tilfelle av grov valfusk.
Ein representant for utanriksdepartementet i USA sa i kveld at det ikkje er tvil om at det har gått føre seg valfusk, men at valet likevel var betre organisert enn tidlegare val i Nigeria.