NRK Meny
Normal

Obama: Eg er sjokkert

Presidenten i USA er sjokkert og trist over skyteepisoda i Colorado som kosta minst 12 menneske livet.

Barack Obama

SJOKKERT: President Barack Obama skriv i ei pressemelding at han og kona Michelle er sjokkerte etter skyteepisoda i Colorado.

Foto: Carolyn Kaster / Ap

Skytinga skjedde på kinosenteret Century 16 i Aurora natt til fredag, lokal tid.

LES: Minst 12 drept under Batman-premiere i USA

Ein maskert gjerningsmann drap 12 menneske og såra om lag 50 under ei kinoframsyning i byen Aurora i Denver, Colorado. Fleire av dei drepne var born og ungdommar.

Sjå vitneskildringar frå skyteepisoda her

– Michelle og eg er sjokkerte og triste over den grusomme og tragiske skytinga i Colorado, seier president Barack Obama i ei pressemelding i dag.

Presidenten sa også i pressemeldinga at han føler med dei pårørande og skadde.

- Vil gjere alt vi kan

– Administrasjonen min vil gjere alt vi kan for å støtte folk i denne usedvanleg vanskelege tida, og den ansvarlege skal stå til ansvar, seier Obama.

– Vi må ta vare på dei pårørande, slik vi gjer i mørke tider, og vi må stå saman som ein stor amerikansk familie, seier presidenten.

Vitne til NRK: Eg trudde vi alle kom til å døy

Også presidentkandidat Mitt Romney har uttalt medkjensle overfor dei pårørande etter den tragiske hendinga.

Ventar gjerningsmannen raskt for retten

Mitt Romney

BER FOR FAMILIANE: Mitt Romney ber for familiane til offera, og håpar gjerninsmannen kjem raskt for retten.

Foto: Evan Vucci / Ap

– Ann og eg er triste over nyhenda om meiningslause valden som tok livet av 12 menneske i Colorado og skadde mange fleire, skriv Romney om seg og kona i ei pressemelding i dag.

Han seier at han ber for familiane og venene til offera for skyteepisoda.

– Vi ber for alle som heldt offera kjære i denne tida av djupt sjokk og enorm sorg, og vi forventar at den skuldige raskt vil bli stilt for retten, seier Romney.

Skaut tilfeldige menneske

Mannen skal ha hatt på seg hjelp, mørke kle og briller då han sparka inn døra til kinosalen. Han heldt ei hagle, gjekk opp ei trapp og skaut tilfeldige menneske, fortel fleire vitner.

I framkant av skytinga skal han ha kasta inn ein røyk- eller tåregassgranat for å skreme publikum og tåkelegge salen.

Gjerningsmannen er pågripen, og politiet ransakar huset hans fordi dei mistenker sprengstoff.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt