Obama: Cuba-normalisering vil ta tid

– Det er framgang allereie, men prosessen med å normalisere forholdet til Cuba vil ta tid. Det seier den amerikanske presidenten, Barack Obama. No er det klart for trafikk med rutefly mellom landa.

Obama og Castro håndhilste

Det var ei historisk hending som fann stad i Panama då den amerikanske presidenten, Barack Obama handhelste på den cubanske kollegaen sin, Raúl Castro i april.

Foto: HANDOUT / Reuters

Barack Obama markerer i dag at det er eitt år sidan USA og Cuba kunngjorde at dei vil normalisere forholdet mellom dei to landa.

Obama seier at begge landa har tatt viktige steg på vegen mot politisk avspenning i løpet av året som har gått.

Han viser til at ambassadane i Havanna og Washington er opna igjen, og at det er opna for meir ferdsel og handel mellom landa.

Mellom anna er det allereie kommersiell ferjetrafikk og postfly mellom USA og Cuba. Det er 52 år sidan det sist gjekk direkte postfly mellom dei to landa. Det er også meir informasjon som kjem inn og ut frå Cuba no enn tidlegare, seier Obama.

Kommersiell flytrafikk

Ikkje minst er dei to tidlegare fiendane no samde om ein avtale som tillèt kommersiell flytrafikk mellom landa.

Elevar og lærarar jublar i Havana.

Elevar og lærarar Havanna jubla etter at president Raoul Castro hadde talt til folket 17. desember i fjor.

Foto: Steve Russell / ZUMAPRESS.com

I dag er det mellom 10 og 15 avgangar med charterfly dagleg mellom USA og byar på Cuba, først og fremst Havanna. Men dette er ei tungvint ordning. Reisene kan som regel ikkje bestillast via Internett, og dei som skal reise, må møte opp på flyplassen fleire timar før avreise.

Når den nye avtalen er signert, vil det kunne bli opp til 20 avgangar dagleg med rutefly til Havanna og ti til andre byar.

Framleis motsetnader

Barack Obama ønskjer også at Kongressen skal heve dei økonomiske straffetiltaka mot Cuba.

Obama legg til at det framleis er usemje mellom USA og Cuba i fleire saker, blant anna når det gjeld menneskerettar.

Dette er saker han vil ta opp i tida som kjem, men han vedgår at det vil ta tid.

SISTE NYTT

Siste nytt