Hopp til innhold

Obama: – Vi skal knekke denne barbariske rørsla

President Barack Obama lovar å trappe opp kampen mot IS. Men først må han bli samd med Putin om framtida til Assad.

Putin og Obama på g20

Putin og Obama forhandlar på sidelinja av toppmøtet.

Foto: POOL / Reuters

– Vårt mål er å knekke og til slutt øydelegge denne barbariske terror-rørsla, sa Obama i sin tale under G-20 møtet i Tyrkia i dag.

– Vi har ein brei strategi for å få dette til. Militærmakt, etterretning og økonomisk press. Vi har alltid skjønt at dette ville bli eit langvarig felttog, sa Obama.

Kampen mot IS har vore eit hovudtema under toppmøtet. Obama og Putin er observert i intense samtalar på sidelinja.

TV-kanalen Russia Today hevdar til og med at nokon prøvde å spionere på dei to leiarane.

Laster Twitter-innhold

Både USA og Russland bomber no IS i Syria.

Og Paris-terroren har gjort sitt til at det hastar med å legge til side usemje, for å betre samarbeidet og koordineringa.

Problemet er berre at Russland vil behalde Assad ved makta, medan USA ser for seg ei ny folkevald regjering som kan samle folket og få slutt på borgarkrigen.

TOPSHOTS-TURKEY-G20-SUMMIT

Tonen har betra seg mellom Putin og Obama den siste tida. Begge ser det som naudsynt å slå ned på islamisme.

Foto: KAYHAN OZER / Afp

– Assad har ingen framtidig rolle

Obama gjentok i sin tale i dag at Assad ikkje har noko rolle i eit framtidig Syria.

Men den britiske statsministeren kunne røpe at dei to statsleiarane forhandla om eit kompromiss.

– Partane står framleis langt frå kvarandre, sa David Cameron kryptisk til avisa «The Guardian.»

TURKEY-G20-SUMMIT

Storbritannia statsminister David Cameron i tett passiar med Barack Obama.

Foto: AHMET BOLAT / Afp

Obama: – Trappar opp bombekampanjen

Obama sa at USA saman med koalisjonspartnarane no trappar opp bombekampanjen mot IS.

Og saman med opposisjonsstyrkar, ynskjer USA å strype forsyningslinjene til islamistane.

Obama trakk fram sigeren i den irakiske byen Sinjar som eit vellukka eksempel på denne taktikken.

Bakkestyrkar vil vere eit «feilgrep»

Obama sa han ikkje ville angripe IS med bakkestyrkar. Han hadde fått råd frå forsvaret om at dette ville vere eit «feilgrep».

For han vil ikkje hamne i ein situasjon der USA blir tvinga til å okkupere store delar av Syria, utan at det finst nokon utveg.

– Strategien vår må vere berekraftig, sa Obama.