Hopp til innhold

Obama: – Fornuftig å setje fri Manning

Barack Obama forsvarte avgjerda om å benåde Chelsea Manning, då han heldt sin siste pressekonferanse som president i USA i kveld norsk tid.

Barack Obama sa i dag at Chelsea Manning har sonet en streng fengselsstraff.

VIDEO: Obama forsvarar benåding

Den avtroppande presidenten sa at Chelsea Manning, som vart dømd til 35 års fengsel for å offentleggjort 700.000 sider hemmelegstempla dokument, fekk ei straff som ikkje stod i forhold til brotsverket ho gjorde seg skuldig i.

Avgjerda har vekt sterke reaksjonar hos mange i USA.

– Ho vart stilt for retten og tok ansvaret for det ho hadde gjort. No har sona ein del av straffa, og det er fornuftig å ettergi resten , sa Obama blant anna.

Assange feirer Manning-benådning

Takka journalistane

Obama starta pressekonferansen med å takke journalistane for jobben dei har gjort i dei åtte åra han har vore i Det kvite hus,

Barack Obamas siste pressekonferanse.

Barack Obama heldt sin siste pressekonferanse som president i USA i kveld.

Foto: Nicholas Kamm / AFP

– Det er viktig at de er kritiske til oss som sit ved makta. Det er ikkje alltid eg har likt det de har rapportert, men det faktum at pressekorpset har vore her i Det kvite hus har gjort at dette huset har fungert betre, sa han.

Obama streka under at ei fri presse er heilt sentralt i eit demokrati som USA.

– Eit demokrati fungerer ikkje om vi ikkje har velinformerte innbyggjarar, og de er heilt sentrale når det gjeld å fortelje publikum kva som skjer i maktas korridorar, la han til.

– Lytt til rådgjevarane

På spørsmål om kva råd Obama har gitt til etterfølgjaren Donald Trump, ville han ikkje gå i detalj. Men han gjorde det klart at han hadde sagt at dette ikkje er ein jobb han kan gjere åleine.

– Eg har råda Trump til å lytte nøye til rådgjevarane sine, for dette er ikkje ein jobb ein kan gjere åleine. Ein må ha eit lag rundt seg, sa den avtroppande presidenten på pressekonferansen.

Chelsea Manning, Cuba og forholdet til Trump var blant temaene på President Obamas site pressekonferanse.

VIDEO: Sjå heile pressekonferansen her.

Obama fekk også spørsmål om det vanskelege forholdet til Russland.

– Eg trur det er i interessa til USA og resten av verda at vi har eit konstruktivt forhold til Russland. Det har vore mi tilnærming gjennom heile presidentperioden, sa han. Han sa også at han i atomforhandlingane med Russland hadde vore villig til å kutte ned endå meir på atomvåpena, men at Vladimir Putin ikkje ville inngå ein avtale om det.

Midtausten

Forholdet mellom Israel og palestinarane var også tema på pressekonferansen. Obama åtvara Donald Trump mot å gjere raske endringar i den amerikanske politikken på dette feltet. Dette blir tolka som ei åtvaring mot å flytte USAs ambassade frå Tel Aviv til Jerusalem, som Trump har sagt han vil gjere.

Palestinske styresmakter og arabiske land har åtvara USA på det sterkaste om å flytte ambassaden.

Obama forsvarte også avgjerda om ikkje å leggje ned veto då Tryggingsrådet i FN før jul slo fast at dei israelske busetjingane i okkuperte palestinske område er ulovlege, og at all byggjeaktivitet må stanse.

– Sende eit signal

– Det var viktig for oss å sende eit signal, ein vekkjar om at tida er i ferd med å renne ut for ei tostatsløysing, sa Obama.

Han tok også opp den sterke høgredreiinga i Israel og korleis det har vore med på å svekkje president Mahmoud Abbas sitt forsøk på å byggje opp ein levedyktig palestinsk stat.

– Vi har prøvd å kommunisere at om ein skal gjere store endringar i Midtausten-politikken, så må ein tenkje nøye gjennom det først. Det vi gjer kan få enorme følgjer, sa han.

SISTE NYTT

Siste nytt