Hopp til innhold

Obama: - Skjer ikkje i andre utvikla land

– Vi må ta inn over oss at slike massedrap, som skjedde i ei kyrkje i Charleston i Sør-Carolina, ikkje skjer i andre utvikla land, sa USAs president Barack Obama i ein fjernsynstale i kveld.

Obama tok et oppgjør med landets våpentilgang etter skytingen i Charleston

VIDEO. Sjå talen til Barack Obama.

Ein sterkt prega Barack Obama snakka til det amerikanske folk rundt klokka 1830 norsk tid. Han sa også at han kjenner djup sorg for dei pårørande for dei sanselause drapa, og at han og kona Michelle personleg kjende ein av dei drepne i massakren, pastoren Clementa Pinckney.

Pastor Clementa Pinckney vart drepen i massakren i Charleston.

Pastor Clementa Pinckney, ein ven av det amerikanske presidentparet, vart drepen i massakren i Charleston natt til torsdag norsk tid.

Foto: RANDALL HILL / Reuters

– Det er spesielt tragisk at desse drapa skjedde i ei kyrkje, og at det skjedde i ei kyrkje som har ein spesiell plass i amerikansk historie, sa USAs president Barack Obama i ein fjernsynstale om drapa på ni menneske i Charleston i natt norsk tid.

– For mange gonger

– Eg har snakka etter slike skytetragediar altfor mange gonger, og det gjer meg trist og sint, sa presidenten blant anna.

Han tok opp att at det er for enkelt å få tak i våpen i USA, og han bad om at det amerikanske samfunnet må ta eit oppgjer med våpenkulturen.

USAs president Barack Obama.

Det var ein sterkt prega Barack Obama som talte til den amerikanske folk etter massakren i ei kyrkje i Charleston i Sør-Carolina.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters

– No er det tid for sorg og for å kome seg tilbake til livet igjen. Men, la det vere heilt klart, på eitt tidspunkt må vi som folk ta inn over oss at slike massedrap ikkje skjer i andre utvikla land, sa Obama blant anna.

Skal ha deltatt på bønnemøte før skyting

– Ein heilag stad

Han sa at metodistkyrkja som var ramma av massedrapet i Charleston i Sør-Carolina natt norsk tid har ein heilag stad i USAs historie. Han tenkte då på slavane som tok tilflukt i Emanuel African Methodist Episcopal Church på flukt frå slaveeigarane.

Kort tid før Obama heldt talen sin vart 21 år gamle Dylann Roof arrestert, mistenkt for å ha stått bak massakren.

SISTE NYTT

Siste nytt