Hopp til innhold

Obama: - Fjern Cuba-sanksjonane

USA og Cuba varsla i dag at dei vil ta opp igjen det diplomatiske sambandet og opne ambassadar i Havana og Washington. Det er 54 år sidan sist dei to landa har hatt normalt diplomatisk samband.

– Dette ville virket umulig å få til for ett år siden, sa Obama om planene om å åpne den amerikanske ambassaden igjen i Cuba.

VIDEO: Sjå talen til Barack Obama

USAs president Barack Obama heldt ein historiske tale i rosehagen i Det kvite hus i ettermiddag norsk tid, der han stadfesta at ambassadane skal opnast etter mange og lange år med kald krig mellom dei to statane.

Obama ber også Kongressen om å oppheve dei økonomiske sanksjonane mot Cuba. Han sa at sanksjonane ikkje har fungert, og at tida no er inne til å fjerne dei.

Opning 20. juli

Obama og Castro i historisk møte

Historisk handtrykk mellom Barack Obama og Raúl Castro under det panamerikanske toppmøtet i Panama by 11. april i år.

Foto: JONATHAN ERNST / Reuters/NTB Scanpix

– For eitt år sidan såg det kanskje umogleg ut at USA nokon gong skulle heise «Stars and Stripes» over ein ambassade i Havanna. Dette er ein historisk steg framover i arbeidet med å normalisere forholdet til Cubas regjering og det kubanske folket, og å starte eit nytt kapittel i forholdet til naboane våre, sa ein tydeleg nøgd Barack Obama blant anna i talen sin.

Obama sa også at handelsblokaden mot Cuba ikkje har fungert, men

Dei to tidlegare fiendestatane skal truleg opne ambassadane alt 20. juli i år. Det er meininga at utanriksminister John Kerry skal heise det amerikanske flagget i den nye ambassaden i Havanna.

I dag fekk Cubas president Raúl Castro eit brev frå sin amerikanske kollega Barack Obama, der han foreslår 20. juli som dato for opninga av dei to ambassadane. Cuba presiserer likevel at dette er berre første steget i ein lang og vanskeleg prosess på vegen mot ei «normalisering av det bilaterale forholdet mellom Cuba og USA».

Nyhetsbyråer: USA og Cuba gjenåpner ambassader

Hollande på historisk besøk på Cuba

- Må rekne med kritikk

Barack Obama sa i talen sin i ettermiddag at han ikkje kjem til å slutte å kritisere Cuba for manglande respekt for menneskerettane, sjølv om dei to landa no igjen opnar ambassadane. Han sa likevel at han trur at dette vil fremje demokrati og menneskerettar på Cuba.

Kubansk mann ser Obamas tale på fjernsyn.

Ein mann i Havanna følgjer Barack Obamas fjernsynstale om tilnærmingane mellom USA og Cuba.

Foto: ENRIQUE DE LA OSA / Reuters

Raúl Castro seier i ei fråsegn at Cuba framleis vil krevje ein slutt på handelsboikotten, at USAs marinebase på Guantánamo skal førast tilbake til Cuba og at USA skal stanse radio- og fjernsynssendingar mynta på eit kubansk publikum.

Det har vore motstand mot tilnærminga til Cuba frå ein del eksil-kubanarar, som i hovudsak bur i delstaten Florida. Senator Bill Nelson frå Det demokratiske partiet i Florida støttar avgjerda om å opne ein ambassade på Cuba, men ikkje utan vilkår.

USA fjernar Cuba frå terrorlista

Obama vil endre «utdatert» Cuba-politikk

– Stolar ikkje på Castro

– Eg stolar ikkje på Castro, men vi må få regimet hans til å opne opp, til å stanse brota på menneskerettane og gi det kubanske folk grunnleggjande fridom. Eg trur opninga av ambassadar er eit naudsynt steg i den lange prosessen mot å nå det målet, heiter det i ei fråsegn frå senatoren.

Avtalen om at USA og Cuba igjen skal opne ambassadar i Havanna og Washington blir sett på som ein siger for Barack Obama. Før presidentvalet i 2008 var ei normalisering av forholdet til Cuba ei av sakene han gjekk til val på.

Hollande på historisk besøk på Cuba

SISTE NYTT

Siste nytt