NRK Meny
Normal

Obama vil tillate løysepengar i gisselsaker

USAs president Barack Obama vil endre lova som har gjort det ulovleg for familiane til amerikanske gislar i utlandet å betale løysepengar for å få dei fri, melder The New York Times.

US-POLITICS-OBAMA-BERGDAHL-FILES

Amerikanske styresmakter forhandla fram ein utvekslingsavtale slik at soldaten Bowe Bergdahl vart sett fri frå fangenskap i Afghanistan, sjølv om det eigentleg var i strid med amerikansk lov.

Foto: MANDEL NGAN / Afp

Det er venta at Obama vil kunngjere endringane i lova seinare i dag. Den noverande lova truar familiane med straffeforfølging om dei betalar ut løysepengar for å få gislar fri. Ei høgtståande kjelde i Obama-administrasjonen seier til The New York Times at endringa kjem fordi dei har innsett at det har vore ført feil politikk på dette feltet.

Skal hjelpe familiane

Obama kjem også til å kunngjere, ifølgje avisa, at det framleis skal vere ulovleg å gå med på gisseltakarane sine krav, men at regjeringa skal kunne forhandle med gisseltakarar som held amerikanske borgarar. Styresmaktene skal også kunne hjelpe familiemedlemer som forhandlar med gisseltakarar.

Peter Theo Curtis i Cambridge, Massachussets i USA.

Peter Theo Curtis vart sett fri etter nesten to år som gissel i Syria. Familien fekk motstridande signal frå styresmaktene om kva dei skulle gjere.

Foto: Charles Krupa / Ap

Det Obama no vil gjere til offisiell amerikansk politikk på dette feltet, har lenge vore praktisert uoffisielt i nokre gisselsaker. Amerikanske tenstemenn forhandla fram ei fangeutveksling for å få heim soldaten Bowe Bergdahl frå Afghanistan.

Fem Taliban-medlemer vart sette fri frå Guantánamo-fengselet på Cuba for å få Bergdahl heim.

Talibangissel kan få livsstid i fengsel

Motstridande meldingar

Samstundes har familiane til fleire amerikanarar som har vore gislar hos Al Qaida eller IS fått beskjed om at lova har gjort at dei ikkje kunne forhandle med gisseltakarane på grunn av lova, og familiane har fått beskjed om dei kunne bli trekte for retten om dei prøvde å forhandle med gisseltakarane på eiga hand.

Det er denne forskjellsbehandlinga Obama no vil ha slutt på.

New York Times fortel også om tilfelle der gisselfamiliar har fått motstridande signal frå ulikt hald i det amerikanske maktapparatet. Journalisten Peter Theo Curtis vart halden som gissel i nesten to år av ei syrisk Al Qaida-grein.

Vart trua med straff

Mor hans, Nancy Curtis, fortel at det amerikanske utanriksdepartementet trua henne med straff dersom ho betalte løysepengar for å få sonen fri. Samstundes tilbaud det føderale politiet FBI henne hjelp med å gjennomføre pengetransaksjonen.

Fleire familiar har fortalt at dei har opplevd liknande ting under forsøk på å hjelpe familiemedlemer heim frå fangenskap.

Frigitt journalist har det bra, ifølge moren

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt