Hopp til innhold

Obama strekte ut ei hand til Iran

– Diplomatiet må prøvast ut, sa Barack Obama, og viste til Iran sine nylege forsøk på å få til eit betre samarbeid med USA. No har USAs utanriksminister John Kerry fått i oppgåve å forhandle fram ein avtale kring Irans omstridde atomprogram.

Obama sa at han ville prøve ut diplomatiet med Iran, sjølv om mange hindringar ligg i vegen.

Obama vil forsøke å ta diplomatiet i bruk og kome Iran i møte. Hindringane er mange, men diplomatiets veg bør prøvast, sa Obama.

– Hindringane kan vise seg å vere for store, men den diplomatiske vegen med Iran må prøvast ut. Eg er oppmuntra av at president Rouhani flyttar seg i ei meir moderat retning, sa Obama.

– Må sjå handling

Men Obama la til at dei forsonande orda som kom frå Irans nye president i førre veke også må følgast opp med handlingar som er transparente og ekte. Han har difor gitt sin eigen utanriksminister John Kerry oppdraget om å starte forhandlingar med Iran, forhandlingar om ein avtale som mellom anna vil omhandle Irans atomvåpenprogram.

IRAN-NUCLEAR/ROUHANI Iranian President Hassan Rouhani smiles during an interview with U.S. television network NBC in Tehran

Irans nye leiar, Hassan Rohani, har opna for å starte nye forsonande samtaler med USA.

Foto: HANDOUT / Reuters

Forholdet mellom dei to landa har lenge vore kjølig, men tonen har betra seg den siste veka etter Irans nye president, Hassan Rohani, opna opp for eit betre samarbeid med USA.

Det var lenge knytt stor spenning til om statsleiarane i dei to landa skulle møtes for første gong på 30 år, men i kveld seier talspersonar for iranske styresmakter at eit slikt møte vil bli for komplisert på noverande tidspunkt. Rohani vil seinare i kveld tale til FN-forsamlinga i New York.

– FN må handheve forbodet mot Syria

Barack Obama starta talen med å konstatere at Al Qaida framleis er ein trugsel, sjølv om verda er meir stabil no enn for fem år sidan. Han viste til dei sjokkerande nyheitene frå kjøpesenteret i Nairobi, og sjølvmordsbomber i Pakistan som ferske dømer på at terroristgruppa framleis eksisterer.

Deretter mante han nok ei gong til at verda og FNs tryggingsråd snarleg må finne løysingar som kan bidra til fred i Syria.

– FN må handheve forbodet mot kjemiske våpen i Syria, og om Assad ikkje følger opp lovnadane sine må det få konsekvensar, truga Barack Obama i talen sin.

Den amerikanske presidenten meiner FN sitt tryggingsråd har vore for svake i arbeidet sitt for fred i Syria, og at dei må vedta ein sterk resolusjon som kan sikre at Syria sine lovnadar om å kvitte seg med kjemiske våpen også vert sett ut i live.

– Dei siste vekene har Russland, USA og våre allierte lansert ein plan for å få kontroll over kjemiske våpen. No må det bli sørgde for at Syria følger opp sine forpliktingar, og at dei vart straffa om dei ikkje gjer det. FN må handheve forbodet mot kjemiske våpen i Syria, sa den amerikanske presidenten.

(Saka held fram etter videoen)

– Vi er nødt til å håndheve avtalen om å fjerne Syrias kjemiske våpen. Bevisene for at det var Assad-regimet som sto bak gassangrepet er overveldende, sier Obama i FNs generalforsamling.

- Bevisa mot Assad er overveldande. No må verdssamfunnet leggje press på Syria, slik at dei held lovnadane sine. Om ikkje bør det få konsekvensar, sa Barack Obama.

Må leggje press på Israel og Palestina

I tillegg til den pågåande konflikten i Syria, tok også Obama opp den langvarige og betente konflikten mellom Palestina og Israel. Det er på tide at verda legg press på partane, slik at ein fredsresolusjon kan bli verkelegheit, meiner Obama.

– Eg vart inspirert av å møte unge israelarar som stod opp og viste at fred er mogleg. Israelske barn har rett til å leve i sine heimar utan at dei vart skotne på. På same tid meiner USA at også palestinarane har rett på å få leve i sine eigen suverene stat, sa Obama.

Obama viste vidare til det diplomatiske arbeidet som no vert gjort, der Israel og Palestina er i fredssamtaler. Han oppmoda andre statar, deriblant Israel og Palestina sine naboland, til å støtte fredsarbeidet som vert gjort mellom israelske og palestinske leiarar.

Kritiserte Obama og amerikansk overvaking

Brasils president, Dilma Rousseff, var den første i rekka av talarar, og ho velte å ta opp eit sårt tema for USA. Ho var oppteken av den omfattande internettovervakinga som har blitt avslørt dei siste månadane, og føreslo eit internasjonalt rammeverk for å hindre slik overvaking.

– Overvaking er eit brot på internasjonal lov. USA sine argument om internettovervaking er ikkje haldbare. Utan privatliv finst det inga ytringsfridom sa Rousseff.

US-68TH-SESSION-OF-THE-UNITED-NATIONS-GENERAL-ASSEMBLY-BEGINS

President i Brasil, Dilma Rousseff, gav USA indirekte kritikk for nett- og telefoniovervaking.

Foto: SPENCER PLATT / Afp

I byrjinga av september var det ein sint brasiliansk president som fekk lagt fram bevis for at ho og hennar meksikanske kollega skal ha fått sin nettbruk og telefon overvaka av det amerikanske etterretningsorganet, NSA.

Bevisa for spionasje skal ha kome frå Edward Snowden, som er ettersøkt av amerikanske styresmakter for spionasje. Som følger av spionavsløringane avlyste Rousseff i førre veke møtet ho etter planen skulle hatt med Barack Obama i løpet av høgnivåveka i New York.

Stoltenberg: – Ein invitasjon til samarbeid

Også Noreg er representert under toppmøtet i New York, og seinare i kveld skal statsminister Jens Stoltenberg etter planen møte sin kongolesiske kollega Joseph Kabila, for å diskutere situasjonen til Joshua French. Han var også til stades i salen under Obama sin tale, og minte det var ein god tale.

– Det var ein tale som var ein invitasjon til at verda skal samarbeide gjennom FN og dei institusjonane me har for å løyse dei mest alvorlege konfliktane, seier Jens Stoltenberg.

Stoltenberg i FN

Jens Stoltenberg og utanriksminister Espen Barth Eide er begge til stades som norske representantar under toppmøtet i New York denne veka.

Foto: Anders Tvegård / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt