Hopp til innhold

Obama vil hjelpe Kina og Japan

USAs president Barack Obama skal neste veke møte japanske og kinesiske leiarar, truleg i eit forsøk på å løyse den diplomatiske krisa mellom landa.

Den alvorlege krangelen mellom Kina og Japan starta då ein fiskebåt kolliderte med to japanske patruljebåtar nær ei omstridd øygruppe nær Taiwan.

Den kinesiske kapteinen vart pågripen, ei handling Kina har stempla som absurd og ulovleg.

Både Japan, Kina og Taiwan gjer krav på øyane, som ligg i eit område med store fiskeressursar.

SISTE NYTT

Siste nytt