Hopp til innhold

Historisk æresmedalje til Afghanistan-soldat

For fyrste gong sidan Vietnamkrigen vil Det kvite hus gje den prestisjetunge Æresmedaljen til ein levande soldat.

Salvatore Giunta får Æresmedalje av Det kvite hus

Soldaten Salvatore Giunta får Æresmedalje for tapper innsat i Afghanistan-krigen.

Foto: Monica King / Ap

Den 25.oktober 2007 blei to amerikanske fallskjermjegerar drepne i eit Taliban-

leidd bakhaldsåtak i «dødens dal» - Korengal-dalen i Afghanistan.

Resten av troppen på åtte overlevde - takka vere heltedådig innsats frå ein av soldatane, 22-åringen Salvatore Giunta. No vil Obama tildele redningsmannen den høgaste militære utmerkinga for tapperheit i strid, skriv the Wahington Post.

Historisk

Den no 25 år gamle soldaten Giunta blir med det historisk. Han er ifølgje den amerikanske avisa den første overlevande soldaten som får Kongressens Æresmedalje sidan Vietnam Krigen (1950-1975).

President Obama var torsdag i kontakt med Giunta. Presidenten takka då soldathelten for «ekstraordinær tapperheit i kamp», heiter det i ei kunngjering frå Det kvite hus.

I USA er «The Congressional Medal of Honor » – kongressens æresmedalje – den aller høgaste militære utmerkinga ein kan få.

Før Giunta har seks amerikanske soldatar som har tenestegjort i Afghanistan og i Irak fått den gjeve medaljen. Dei var alle drepne i krigen.

Sprang inn i kuleregnet
Salvatore Giunta får Kongressens Æresmedalje

Soldaten Salvatore Giunta (25).

Foto: Richard Bumgardner / Ap

Giunta, som kjem frå Hiawatha i delstaten Iowa, blei også skoten då troppen han tenestegjorde i blei overrumpla av Taliban-soldatar for tre år sidan. Den unge soldaten hadde hellet med seg, for brystplata hans hindra kulene i å bore seg gjennom kroppen.

Fleire av medsoldatane hans låg derimot nede med alvorlege skader. Ifølgje Washington Post var det i det øyeblikket at Giunta sprang inn i kampens hete og redda fleire av sine kompanjongar, deriblant stabsersjanten Erick Gallardo.

– Ikkje heroisk

– Eg sprang ikkje inn i kuleregnet for å utretta noko heroisk eller tappert. Eg gjorde det som eg trur einkvar ville ha gjort i ein slik situasjon, har Giunta tidlegare sagt til forfattaren Sebastian Junger, som gjev ei detljert skildring av hendinga i boka "Krig".

I same boka fortel æressoldaten at Taliban forsøkte å splitte troppen, og hadde dei lukkast med det, ville dei alle ha vorte drepne.

– Eg handla instinktivt og gjorde det eg er lært opp til å gjera, seier han.

Lang prosess
Kunar-provinsen, Afganistan

Det var på i den afghanske Kunar-provinsen, som ligg mot den nordaustlege grensa til Pakistan at soldaten Salvatore Giunta redda livet til fleire av sine medsoldatar under eit Taliban-åtak.

Foto: David Guttenfelder / AP

Å nominere ein soldat til æresmedaljen er ein svært omfattande prosess. Detaljerte vitnesbyrd må vera på plass før nominasjonen munnar ut i ein rapport på fleire hundre – om ikkje tusen – sider, skriv Washington Post.

Prosessen er dessutan så diskret at soldaten sin familie ikkje veit at nominasjonen har nådd Det kvite hus, ifølgje kjelder som avisa har snakka med.

Torsdag denne veka var det formelle arbeidet kome så langt at Obama personleg kunne overrekkje Giunta den gledelege meldinga om at vil verta tildelt Kongressens Æresmedalje.

Sju medaljar

Dermed har sju amerikanske soldatar som har tenestegjort i Afghanistan og i Irak fått den gjeve medaljen.

Til samanlikning har 246 Vietnamkrig-soldatar, 133 frå Korea-Krigen og 464 soldatar som tenestegjorde under Andre Verdskrig fått «the Medal of Honor».

SISTE NYTT

Siste nytt