Hopp til innhold

Vil fjerne Assad - «jo før, jo heller»

USAs president Obama seier han helst skulle sett at Syrias president Bashir al-Assad vart fjerna for to år sidan. Men han avviser at USA vil ta grep i Syria åleine.

Erdogan og Obama

Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan og USAs president Barack Obama er einige om at Syrias president Assad må fjernast. Men dei har ulikt syn på tempo og verkemiddel.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Det sa Obama under ein felles pressekonferanse med Tyrkias statsminister Recep Tayyip Erdogan i kveld. Erdogan besøkjer Washington berre dagar etter at to bilbomber drap 46 tyrkarar i ein grenseby nært Syria.

Ein tyrkisk journalist ville ha svar på når og korleis Assad skal fjernast.

– Vi skulle helst sett at han gjekk for to år sidan. Han mista all legitimitet då han begynte å drepe sitt eige folk, som protesterte fredeleg for ein ny kurs i heimlandet sitt. Så svaret er «jo før, jo heller», svarte Obama.

  • LES OGSÅ:

Russland avkreftar våpenavtale

Han hadde større problem med å svare på korleis Assad-regimet skal fellast.

– Det finst ikkje ein magisk formel for å handtere den usedvanleg valdelege situasjonen i Syria. Fanst det, ville dette allereie vore over. I staden må vi ha stabilt internasjonalt press. Samtalane vi planlegg i Genève saman med Russland, kan gje resultat, håpar Obama.

Planane om ein internasjonal fredskonferanse kom i stand da USAs utanriksminister John Kerry besøkte Russland i førre veke. Russland er ein viktig brikke i spelet om Syria, sidan landet til no har vore ein av Syrias viktigaste allierte.

I dag avviste utanriksminister Sergej Lavrov at Russland har planer om å selje eit
avansert luftforsvarssystem til Syria.

Tyrkia vil ha flyforbodssone

Tyrkia er derimot Assad-regimet sin sterkaste kritikar. Det er berre fem dagar sidan to bilbomber drap 46 menneske og såra 51 i grensebyen Reyhanli.

Tyrkia skuldar ei gruppe som støttar den syriske regjeringa for å stå bak dei to bilbombene, noko syriske styresmakter nektar for.

Tyrkia fryktar at borgarkrigen i Syria vil spreie seg til Tyrkia, og ønskjer at USA skal støtte ein flyforbodssone på grensa mellom Syria og Tyrkia.

Minst 13 mennesker mistet livet da to bilbomber gikk av i byen Reyhanli i Tyrkia nær grensen til Syria.

46 personar vart drepne av to bilbombeangrep i den tyrkiske grensebyen Reyhanli 11. mai.

La fram bevis på kjemisk krigføring

Under møtet med Obama, la Erdogan fram det Tyrkia meiner er bevis for at syriske flyktningar på tyrkiske sjukehus er utsette for bruk av kjemiske våpen.

– Bruk av kjemiske våpen er noko den siviliserte verda har sagt at ikkje skal skje. Eg vil syne fram alt vi veit til det internasjonale samfunnet. Det kan vere ein tilleggsmekanisme for å legge press på regimet i Syria, sa Obama på pressekonferansen.

Han stadfester at fleire ting tyder på bruk av kjemiske våpen, men vil likevel ha meir informasjon før han kan avgjere korleis USA skal svare.

– Men nedslakting ved bruk av ordinære våpen er i seg sjølv nok til at det internasjonale samfunnet må gripe inn, sa Obama.

Mogleg væpning av opprørarar

Obama sa at han og Erdogan i dag har diskutert korleis dei kan styrke opposisjonen som kjempar mot Assad-regimet på bakken.

Det har tidlegare vore snakk om å forsyne opprørarane med våpen. Det er delte meiningar om dette, mellom anna fordi fleire av opprørsgruppene har sterke anti-vestlege haldningar.

Tyrkia har stilt seg heilhjarta bak opprøret mot den syriske presidenten Bashar al-Assad. Tyrkia har gjeve opprørarane høve til å organisere seg på tyrkisk jord, og Tyrkia husar no 400.000 syriske flyktningar.

Israel gjev erstatning til Tyrkia

President Obama er òg oppteken av å normalisere forholdet mellom Tyrkia og Israel. Obama skal ha håp om ei betring, etter at Israels statsminister Benjamin Netanyahu i mars ringte Erdogan og beklaga at ni tyrkiske aktivistar vart drepne under åtaket mot det tyrkiske skipet Mavi Marmara i 2010.

Skipet var på veg til Gazastripa med aktivistar, då det vart borda av israelske kommandosoldatar i internasjonalt farvatn.

Israel skal gått med på å betale fleire titals millionar dollar i erstatning for drapa. Orsakinga kom samstundes med at president Obama besøkte Israel.

SISTE NYTT

Siste nytt