NRK Meny
Normal

Obama truar Nord-Korea

USAs president Barack Obama seier at det internasjonale samfunnet må handle mot Nord-Korea etter atomprøvesprenginga i natt.

Barack Obama gjekk hardt ut mot Nord-Korea.

Barack Obama gjekk hardt ut mot Nord-Korea i dag.

Foto: Charles Dharapak / AP

Obama kallar prøveoppskytinga og testing av nye rakettar for uforsvarlege handlingar.

- Nord-Koreas atom- og rakettprogram utgjer ein alvorleg trussel mot freden og tryggleiken i verda, og eg tek sterk avstand frå det landet har gjort, sa den amerikanske presidenten i ettermiddag norsk tid.

Uspesifiserte tiltak

Han kom med fråsegna om Nord-Korea til pressefolk i rosehagen utanfor Det kvite hus i Wahsington.

- USA og det internasjonale samfunnet må gjere noko som svar på dette, sa Obama. Han sa ikkje noko om kva tiltak som kan bli aktuelle å setje i verk.

Han sa at Nord-Korea har gjort seg skuldig i eit alvorleg brot på internasjonal lov, og at landet med dette også har handla mot det dei tidlegare har sagt har vore landet sin politikk.

Tryggingsrådet

- Vi ser i dag at både Russland, Kina og våre tradisjonelle allierte i området, Sør-Korea og Japan, alle har kome til same konklusjonen: Nord-Korea vil ikkje oppnå tryggleik og respekt gjennom truslar og ulovlege våpen, sa den amerikanske presidenten blant anna.

Det blir eit ekstraordinært møte om Nord-Korea i Tryggingsrådet i FN i løpet av kort tid.

Norge fordømmer Nord-Korea

Nord-Korea prøvesprengte atomvåpen

- Nord-Korea frykter USA-invasjon

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt