NRK Meny
Normal

Obama spaserte gjennom gatene

President Barack Obama og kona Michelle kom ut av den pansra limousinen for å spasere og helse på dei som hadde teke oppstilling langs ruta.

Kveldsnytt-innslag om innsetjingsfesten for Obama.

VIDEO: Presidentparet på spasertur i Washington

Presidentparet spaserte fleire kvartal medan agentar frå Secret Service prøvd å dekkje alle tenkjelege vinklar for snikskyttarar og andre som kunne ha planar om å angripe presidenten.

Dei sette seg inn i bilen igjen, og paraden nedover Pennsylvania Avenue kunne halde fram med hornorkester, militære og folkedansarar.

LES OGSÅ: Obama: – Viktigere enn noensinne at vi står sammen

LES OGSÅ: Må satse for å få til noe

LES OGSÅ: Visepresidentens seremoni

Etterpå tok presidentparet plass på ein paviljong på nordsida av Det kvite hus, bak ein skotsikker glasskjerm, for å følgje den store paraden. Også visepresident Joe Biden deltok, og han nytta også høvet til å helse på dei som stod langs ruta.

NRKs korrespondent Jon Gelius seier at det har vore langt færre menneske ute i gatene under denne innsetjingsseremonien i forhold til då Obama vart innsett for fire år sidan.

I natt norsk tid blir det halde fleire ball til ære for presidenten, og det er venta at presidentparet skal innom eit par av dei.

LES OGSÅ: Presidentens tiltredelsestale

LES OGSÅ: Presidentens innvielsesball

LES OGSÅ: Presidentens innsettelsesparade

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt