Hopp til innhold

Obama med hard kritikk av Putin

USAs president Barack Obama kom i dag med krass kritikk av sin russiske kollega Vladimir Putin for ikkje å ha gjort noko for å stanse valdsbruken i det austlege Ukraina.

Obama hardt ut mot Putin.

Barack Obama retta hard kritikk mot sin russiske kollega Vladimir Putin.

Foto: Jacquelyn Martin / Ap

Obama sa på ein pressekonferanse i ettermiddag norsk tid at Russlands president Vladimir Putin har makt til å påverke opprørarane til å stanse valdsbruken i det austlege Ukraina, men at han har valt å ikkje gjere noko.

Obama sa også at separatistane i Ukraina har fått omfattande hjelp frå Russland, inkludert luftvernvåpen. Landet har også levert andre tunge våpen, sa han. Han gjorde det klart at opprørarane aldri ville ha greidd å skyte ned eit fly i 10.000 meters høgd, om ikkje dei hadde fått utstyr og trening frå Russland.

Opprørskontrollert område

Buk-luftvernbatteri.

Det kan vere eit luftvernbatteri av denne typen som brukt til å skyte ned det malaysiske passasjerflyet over Ukraina i går.

Foto: YURI KADOBNOV / Afp

– Om Russland ikkje hadde levert desse våpena til separatistane, ville det ikkje vere mogleg for dei å drive på som dei gjer, sa han blant anna.

Den amerikanske presidenten sa også at det ikkje er tvil om at det malaysiske passasjerflyet med 298 menneske om bord, som styrta i eit opprørskontrollert område nær den ukrainske grensa til Russland i går, vart skote ned ein bakke-til-luft-rakett frå det opprørskontrollerte området.

Barack Obama gjorde det klart at det no er viktig at sanninga kjem fram om det som skjedde over det austlege Ukraina i går ettermiddag. Han ville ikkje gå inn på kva som kunne vere formålet med å skyte ned flyet.

Obama kunne også opplyse at minst ein amerikansk statsborgar var om bord i det havarerte flyet. 189 av dei 298 om bord var frå Nederland, medan 44 var frå Malaysia. Vidare Australia (27), Indonesia (12), Storbritannia (9), Tyskland (4), Belgia (4), Filippinane (3), Canada (1) og New Zealand (1). Nasjonaliteten til fire av passasjerane er enno ikkje stadfesta.

– Ansvarleg for instabilitet

Den amerikanske presidenten skulda sin russiske kollega for å vere ansvarleg for den instabiliteten som igjen førte til nedskytinga av det malaysiske passasjerflyet, som var på veg frå Amsterdam til Kuala Lumpur

Han ber no om at det blir innført våpenkvile i dei opprørskontrollerte områda i Ukraina, og at det er svært viktig at ikkje bevismateriale blir fjerna frå krasjstaden.

Russlands FN-ambassadør Vitalij Tsjurkin.

Russlands FN-ambassadør Vitalij Tsjurkin høyrer på kritikken mot landet sitt i Tryggingsrådet i FN i dag.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Samstundes har Tryggingsrådet i FN i dag halde eit krisemøte om flykatastrofen i Ukraina. Medlemslanda er samde om at det må bli ei grundig internasjonal gransking av det som skjedde, og at granskarar må få full tilgang til krasjområdet straks.

Trass i denne felles fråsegna, så viste møtet i Tryggingsrådet tydeleg at det store gapet mellom vestlege land og Russland i denne saka. USA og Storbritannia krev at Russland stansar hjelpa til dei ukrainske opprørarane, og den britiske FN-ambassadøren sa at valden til opprørarane hadde nådd «uhyrlege proporsjonar».

Refsa USA og Ukraina

Russlands FN-ambassadør Vitalij Tsjurkin ignorerte skuldingane frå USA og Storbritannia, og han retta skytset mot Ukraina og USA. Han sa at det var uansvarleg av Ukraina å ikkje stengje luftrommet for sivil lufttrafikk, så lenge det var operative luftvernsystem i området.

– I dag stengde Kiev luftrommet. Kvifor gjorde dei ikkje dette tidlegare, før fleire hundre menneske måtte misse livet?, sa han blant anna.

Tsjurkin skulda også den ukrainske regjeringshæren for å drepe uskuldige sivile, og han skulda USA for å oppfordre styresmaktene i Kiev til å eskalere krisa. Han sa også at vestlege land ikkje gjorde noko for å stanse den ukrainske valdsbruken.

LES OGSÅ: – Fly med 295 om bord skote ned i Ukraina

LES OGSÅ: – Ingen har interesse av å skyte ned eit passasjerfly

LES OGSÅ: Biden: Passasjerflyet vart skote ned

LES OGSÅ: – Helvete, vi har skutt ned et passasjerfly

LES OGSÅ: København-fly lå rett bak flyet som ble skutt ned

SISTE NYTT

Siste nytt