Hopp til innhold

Obama lovar svar på russisk nettangrep

USAs avtroppande president Barack Obama seier at han i ein telefonsamtale med sin russiske kollega Vladimir Putin sa klart frå kva han meiner om dei russiske nettangrepa under den amerikanske valkampen.

Obama varsler tiltak mot dataangrep

VIDEO: Obama sa frå til Putin

Obama seier at USA vil setje i verk tiltak mot Russland, men vil ikkje utdjupe når eller korleis det skal sjå. Han gjer det klart at ein del av tiltaka vil bli kjende offentleg, medan andre tiltak ikkje blir det.

Obama-administrasjonen meiner at Vladimir Putin personleg må ha gitt klarsignal til hackinga av E-posten til fleire tenestemenn i Det demokratiske partiet under presidentvalkampen. Dei ser det som sannsynleg at dette vart gjort for å styrkje kandidaturet til Donald Trump.

Vladimir Putin seier på si side at han har gitt Obama «eit klart svar» på skuldingane om dataangrep. Ein talsmann for Kreml kallar dei amerikanske skuldingane for «svært alvorlege».

Talsmannen ber Obama leggje fram bevis, eller teie still om saka.

Obama har gitt ordre om full gransking av nettangrepa

Peikar på Putin

Josh Earnest, talsmann Det hvite hus.

Obama-talsmann Josh Earnest har skulda Donald Trump for å ha visst om dei russiske nettangrepa.

Foto: Reuters/NBC

– Berre dei heilt på toppen i russisk politikk kan ha gitt klarsignal til desse ulovlege aktivitetane, sa Josh Earnest, talsmann for Det kvite hus, til journalistar i går kveld.

Tryggingsrådgjevaren Ben Rhodes gjekk endå lenger:

– Eg trur ikkje noko så alvorleg skjer i Russland utan at Vladimir Putin veit om det, sa Rhodes til MSNBC.

Dmitrij Peskov, talsmann for Vladimir Putin, latterleggjorde i går dei amerikanske skuldingane:

– Dette er latterleg og tøvete, seier Peskov til nyheitsbyrået AP.

Nettangrepa mot Det demokratiske partiet er svært pinleg for Obama-administrasjonen, men dei trur ikkje at hackinga har hatt direkte innverknad på utfallet av presidentvalet. Det er heller ikkje teikn til at nettangrepet har influert på stemmeteljinga.

Toppolitiker: FBI-direktør avgjorde presidentvalget

Obama og Putin i september 2015.

Barack Obama har snakka på telefonen med Vladimir Putin om russiske nettangrep under presidentvalkampen i USA. Biletet er frå eit møte i september 2015.

Foto: Reuters File Photo / Reuters

CIA-avsløring

Det var etterretningsorganisasjonen CIA som nyleg informerte om det russiske nettangrepet mot Det demokratiske partiet. Her blir det ymta om at Russland stod bak hackinga, og at informasjonen vart gitt vidare til Wikileaks.

Donald Trump

Donald Trump har avvist CIA-avsløringane om russiske nettangrep mot Det demokratiske partiet.

Foto: Matt York / AP

Russiske styresmakter avviser at dei står bak nettangrepa mot Det demokratiske partiet. Og Wikileaks-sjefen Julian Assange har nekta for at dei har fått sin informasjon frå russiske styresmakter.

Avsløringa har igjen ført til at forholdet mellom den påtroppande presidenten og den avtroppande har vorte tydeleg dårlegare , etter at det ei stund har vore teikn til betring.

Donald Trump har avvist CIA-funna om at Russland hacka Det demokratiske partiet som berre tull. Han har også hissa seg opp over at Det kvite hus har ymta om at Trump visste om det russiske nettangrepet.

Trump: – Var ein spøk

Det var Obama-talsmann Josh Earnest som sa at det var «innlysande» at Trump visste om hackinga. Han grunngir dette med at Trump hadde oppmoda den russiske etterretningstenesta om å finne dei forsvunne E-postane til Hillary Clinton.

Donald Trump seier at dette vart sagt som ein spøk under valkampen.

Millardærer uten politisk erfaring, aktivister, erkekonservative og tre generaler

SISTE NYTT

Siste nytt