Det amerikanske utanriksdepartementet stadfestar torsdag kveld at dei har vore i direkte kontakt med styresmaktene i Iran i samband med terrorplanlegginga.
– Me har hatt direkte kontakt med Iran om denne saka, sa talsperson Victoria Nuland i utanriksdepartementet til Reuters.
Noko meir informasjon enn dette ville ikkje departementet gå ut med.
– Me er på noverande tidspunkt ikkje klare til å gå ut med informasjon om kven me var i kontakt med, eller kvar kontakten skjedde. Me kan bare stadfeste at det har vore ein direkte kontakt.
Det var på tysdag at to iranske menn vart sikta for å «stå bak ein plan i regi av iranske styresmakter» om å drepe Saudi-Arabia sin ambassadør til USA, som ein del av eit større terrorangrep.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Obama legg skulda på Iran
Like før kommenterte USA-president Barack Obama terrorsaka for første gong, under ein pressekonferanse Obama hadde i samband med at Sør-Korea sin president, Lee Myung-bak var på besøk. Han gjekk langt i å legge skulda på styresmaktene i Iran.
Obama ville ikkje gå ut med kor høgt oppe i det iranske regimet terrorplanlegginga skal ha skjedd. Men han peika på at uansett kven i regimet som visste om planane, så må USA krevje at Iran tek klar avstand frå planane.
Vidare stadfesta presidenten at ein av dei mistenkte hadde iransk-amerikansk bakgrunn, og hadde «direkte band» til Teheran. Der skal også pengane til planlegginga ha kome frå.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Han var likevel svært tilbakehalden med konkrete opplysningar om terrorsaka.
– Eg vil ikkje svare på spørsmål om kva som skjedde, understreka Obama under pressekonferansen.
Avviser skuldingane
Presidenten i Iran, Mahmoud Ahmadinejad, har tidlegare avfeia skuldingane frå USA, og kalla dei eit «prefabrikkert scenario».
Ein av dei øvste generalane i Iran har sagt at USA har kome med skuldingane for å ta fokuset vekk frå «Occupy Wall Street»-demonstrasjonane som for tida herjar i mange amerikanske storbyar.
– Dette er eit forsøk på å leie merksemda vekk frå anti-Wall Street-rørsla, og USA sine mislukka forsøk på å få gjennom sin undertrykkjande politikk i Midtausten og resten av verda, sa general Hossein Salami.