NRK Meny
Normal

Obama kalla inn til jury i Chicago

Tidlegare president i USA, Barack Obama, er kalla inn til å sitje i juryen under ei rettssak i Chicago neste månad. Og han har ifølge domstolen sagt at han vil møte.

US-OBAMA-RETURNS-TO-CAMPAIGN-TRAIL-AT-RALLY-FOR-NJ-GUBERNATORIAL

Etter at han måtte takke nei i 2010, skal Barack Obama møte som jurymedlem i ei rettssak i Chicago i november.

Foto: SPENCER PLATT / AFP

I ei budsjetthøyring fredag, fortalde overdommar Tim Evans i Cook County i Illinois at Barack Obama var kalla inn til juryteneste i november. Og at han har planar om å møte, skriv Chicago Tribune.

– Han har vore krystallklar overfor meg, gjennom sine representantar, at han vil utføre borgarplikta si som innbyggar og bebuar i her, seier Evans til avisa.

Obama har eigedommar både i Washington og Chicago.

Sikkerheita er viktig

Evans seier også at dei skal gjere tilpassingar for å vareta sikkerheita til Obama.

– Vi kjem sjølvsagt til å forsikre oss om at vi er klare for alt som følger ein tidlegare president. Sikkerheita hans har høg prioritet.

Det er ikkje klart når og i kva sak Obama skal møte. Den tidlegare presidenten har studert jus ved Harvard. Han har også arbeidd som advokat i Chicago, og har også undervist i jus ved universitetet i Chicago.

Sist Barack Obama fekk innkalling til juryteneste i Cook County, kunne han ikkje møte. Innkallinga kom i 2010, medan han budde seg på talen om rikets tilstand til Kongressen, skriv The Guardian.

Barack Obama har førebels ikkje kommentert den siste innkallinga til juryteneste.

Mange kjende jurymedlemmar

2017 Tribeca TV Festival - "Released" Oprah Winfrey

Oprah Winfrey er ein av fleire kjende personar som tidlegare har møtt som jurymedlem i rettssaker i Chicago.

Foto: Evan Agostini / AP

Tidlegare har fleire kjende personar, som Oprah Winfrey og skodespelaren Mr. T, sete i juryar i Cook County, ifølge Chicago Tribune. Obama er heller ikkje den første tidlegare presidenten som har møtt som jurymedlem i retten, skriv The Guardian.

I 2005 måtte dåverande president George W. Bush melde avbod til ei rettssak i Texas, medan senator John Kerry, som stilte som presidentkandidat mot Bush året før, møtte i Boston, og blei vald til juryformann.

Men då Bush blei kalla inn på nytt i Dallas i 2015, møtte han opp for å utføre borgarplikta si.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt