Hopp til innhold

Obama heldt tårevåt takketale

Den attvalde amerikanske presidenten Barack Obama greidde ikkje å halda tårene tilbake då han skulle takka kampanjemedarbeidarane sine for innsatsen.

President Barack Obama tok til tårene då han onsdag heldt ein takketale for kampanjemedarbeidarane sine i Chicago, knapt eit døgn etter at han blei attvald som USAs president.

Tårene rann då ein emosjonell Barack Obama onsdag takka kampanjemedarbeidarane for å ha drege i land sigeren i presidentduellen mot Mitt Romney.

Onsdag blei det klart at dei amerikanske veljarane gir Barack Obama tillit til fire nye år i presidentstolen.

Meiningsmålingane viste lenge daudt løp mellom den sitjande presidenten og republikanarane sin kandidat Mitt Romney. Det var likevel Obama som til slutt trekte det lengste strået - mykje takka vere kampanjearbeidarane som har jobba dag og natt for å overbevisa amerikanske veljarar om at Obama er mannen som kan få USA ut av den økonomiske hengemyra.

Onsdag, knapt eit døgn etter valsigeren, tok Obama seg tid til å stoppa opp ved hovudkontoret for kampanjen i Chicago - for å visa takksemd overfor sine trufaste kampanjemedarbeidarar.

Tårevått takk

Obama var raus med rosen, og lét medhjelparane få høyra at dei er både smartare, betre organiserte og meir effektive enn han sjølv.

Men få minutt uti takketalen, sakkar presidenten tempoet og blir så emosjonell at han ikkje greier å halda tårene tilbake.

– De de har gjort, betyr at det eg gjer er viktig. Det er eg verkeleg stolt av, eg er verkeleg stolt av dykk seier ein gråtkvalt Obama før han må tørke den første tåra som kjem trillande.

Applausen frå mottakarane lét ikkje venta på seg. Men Obama hadde fleire lovord på hjarta:

– Det de har oppnådd vil gå inn i historia. Folk vil lesa og snakka om det. Men det viktigaste er at dykkar reise har nettopp starta. Det me gjer i løpet av dei neste åra vil bleikna samanlikna med det de kjem til å oppnå i løpet av åra som kjem etter det. Det har vore mi kjelde til håp, avslutta presidenten som no tek fatt på fire nye år i Det kvite hus.

SISTE NYTT

Siste nytt